Prisar, avgifter og gebyr

Prisar, avgifter og gebyr

På denne sida finn du oversikt over prisar, gebyr og avgifter for tenester i Ulstein kommune.

Barnehage

 

Betalingssatsar for kommunal barnehageplass

Betalingssatsar for kommunal barnehageplass
Plass Prisar frå 01.01.2023
100 % 3 000 kr
80 % 2 700 kr
60 % 2 100 kr

 

Kostpengar og andre tenester kjem i tillegg. 

Her finn du informasjon om søskenmoderasjon, redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid.

Bygg, eigedom og plan - kommunale avgifter

Samla gebyrregulativ (pdf)

Her er ei samla oversikt over kommunale avgifter (PDF, 27 kB).

 

Vatn- og avløpsgebyr

Årsgebyr for vatn og avløp består av ein fast del (abonnementsgebyr) og ein variabel del (forbruksgebyr).

Her finn du pris-informasjon om dei ulike delane, og tilknytingsavgift.

 

Gebyr for feiing og tilsyn

Gebyret for feiing og tilsyn betalar for kommunen sitt tilbod om feiarteneste.

Her finn du pris-informasjon om gebyr for feiing og tilsyn, og terminoversikt.

 

Eigedomsskatt

Skatten gjeld faste eigedomar i heile kommunen, unnateke næringseigedom, kraftverk, vindkraftverk, kraftnettet og anlegg omfatta av særskattereglane for petroleum. Alle bustad- og fritidseigedomar (også våningshus, garasjar og naust) og ubygd grunneigedom er omfatta. Tomter regulert til næring er ikkje omfatta. 

Skattesatsen er 1,75 promille av bustadverdien. Kommunestyret har vedteke at grunnlaget for eigedomsskatten skal vere bustadverdiane i registeret «Formuegrunnlag for likning av bustader i Ulstein kommune» frå skatteetaten. 

Kor tid fakturaen kjem og relevante spørsmål og svar finn du i denne artikkelen.

 

Renovasjonsgebyr

Du kan velje mellom ulike abonnement alt etter kor mykje avfall husstanden din har. Eit standardabonnement er 4 398 kroner (2022). Faktura vert sendt ut tre gongar per år (januar, mai og september).

På SSR - Søre Sunnmøre reinhaldsverk sin nettstad finn du meir informasjon om dei ulike abonnementstypane og tilleggsgebyr. Der kan du også søke om endring og fritak.

 

Kva kostar det å bygge?

Døme på gebyrsatsar for mindre tiltak

Gebyr for byggesak, mindre tiltak 2023-satsar

Gebyr for byggesak, mindre tiltak 2023-satsar
Teneste Pris
Tilbygg 6 550 kr
Garasje 6 550 kr
Veranda, karnapp o.l. 5 000 kr
Bruksendring 5 000 kr

 

Døme på gebyrsatsar for større tiltak ved bruk av føretak

Gebyrsatsar for byggesak, større tiltak 2023-satsar

Gebyrsatsar for byggesak, større tiltak 2023-satsar
Teneste Pris
Einebustad (ev. garasje er inkludert) 19 200 kr
Fritidsbustad 19 200 kr
Tilbygg og påbygg inntil 100 m² 8 000 kr
Garasje og naust 50-100 m² 8 800 kr
Fasadeendring 6 550 kr

 

Seksjonering og reseksjonering

Seksjonering er å dele opp ein bygning i fleire eigarseksjonar, slik at fleire kan eige kvar sin del av bygninga og ev uteområda. Endringar av allereie seksjonerte eigendommar kallas reseksjonering.

2023 Seksjoneringsgebyr

2023 Seksjoneringsgebyr
Teneste Pris
Til og med 4 seksjonar 9 729 kr
5 - 8 seksjonar 14 594 kr
Frå 9 seksjonar, tillegg pr ny seksjon 791 kr
Tillegg for synfaring 4 257 kr


 

2023 Reseksjoneringsgebyr

2023 Reseksjoneringsgebyr
Teneste Pris
1 - 4 seksjonar eller fellesareal endrast 14 594 kr
5 - 8 seksjonar eller fellesareal endrast 19 459 kr
Frå 9 seksjonar, tillegg pr ny endra seksjon 1 095 kr
Tillegg for synfaring 4 257 kr

 

Gebyr for arbeid etter matrikkellova

Her er dei ulike takstane for arbeid etter matrikkellova (PDF, 238 kB).

Kostnadar som kommunen vert påført i samband med å hente inn relevante opplysningar i samband med oppmålingsforretninga og gebyr og avgifter som kommunen skal krevje inn for statlege etatar som til dømes tinglysingsgebyr og dokumentavgift, vert fakturert vidare til rekvirenten og kjem i tillegg til takstane i vedlagde dokument.

 

Kjøp av eigedomsopplysningar på e-Torg

e-Torg er ein nettbutikk for digitale kart og byggesakstenester for sunnmørskart-kommunane. Du finn informasjon og pris for dei ulike tenestene i vedlagde lenke.

 

Tomter til sals og tomtepris

Bustadtomter på Dimna.

Bustadtomter i Eiksund.

Bustadtomter på Garsholhaugen.

Bustadtomter i Haddal.

Bustadtomter på Skeide.

Næringstomter i Saunesmarka.

 

Gebyr for behandling av reguleringsplanar

Gebyr for behandling av reguleringsplan 2023-satsar
Plantype Pris
Timepris -for tenester som vert fakturert etter tida som har gått med (justeringar av plankart, føresegner, utgreiingar m.m.) kr 1050 pr. time
Oppstartmøte kr 11 350
Handsaming av framlegg til detaljregulering inntil 1-5 bueiningar* eller inntil 500 m² næringsformål eller inntil 1000 m² anna formål kr 62 500
Handsaming av framlegg til detaljregulering 6-10 bueiningar* eller inntil 1000 m² næringsformål eller inntil 5000 m² anna formål kr 83 500
Handsaming av framlegg til detaljregulering over 10 bueiningar* eller over 1000 m² næringsformål eller over 5000 m² anna formål kr 104 500
Handsaming av framlegg til detaljregulering med planprogram og konsekvensutgreiing - tillegg til gebyr ovanfor kr 25 850
Mindre reguleringsendring etter § 12-14 andre ledd - administrativ handsaming kr 7 900
Mindre reguleringsendring etter § 12-14 andre ledd - politisk handsaming kr 20 650

Fullstendig gebyrregulativ for arbeid etter plan- og bygningslova finn du her (PDF, 224 kB).

 

Frikjøp av parkeringsplassar

Her er reglement for praktisering av frikjøpsordninga, og satsen for frikjøp (PDF, 109 kB).

Helse og omsorg

TENESTER I HEIMEN

 

Betalingssats for opphald på dagsenter

Betalingssats for opphald på dagsenter
Tilbod Betalingssats per dag
Dagsenter for eldre heimebuande 170 kr

Dagsenteret er eit dagtilbod ved Alvehaugen bu- og rehabiliteringssenter med ulike aktivitetar, trening etter ynskje og behov, samt måltidsfellesskap. Målgruppa er heimebuande eldre, personar med nedsett funksjonsevne og bebuarar ved Alvehaugen. 

 

Betalingssats for heimehjelp og praktisk bistand (uavhengig av tal timar)

Betalingssats for heimehjelp og praktisk bistand (uavhengig av tal timar)
Grunnbeløp i folketrygda Inntekt per år Abonnement per månad
Inntil 2G 0–212 798 kr 220 kr (sentral forskrift) *
2–3G 212 799–319 197 kr 1 475 kr
3–4G 319 198–425 596 kr 1 845 kr
4–5G 425 597–531 995 kr 2 215 kr
Over 5G 531 996 kr 2 500 kr
Timesats for enkelttimar* 420 kr per time – til du når satsane i tabellen

Betalingssatsar for heimehjelp/praktisk bistand er basert på husstanden si samla inntektsgrense som følgjer Grunnbeløpet (G) i folketrygda, dvs. husstanden si netto likning før særfrådrag.

1G = 111 477 kr per 01.05.2022. 

Det skal betalast timesats for enkelttimar før ein går over på abonnementsordning.

*Over 2G er betalingssatsen kr. 400,00 per time inntil ein når satsane i tabellen.

Grunnbeløpet vert regulert 1. mai kvart år.

Abonnementet vert regulert 1. januar kvart år.

 

Betalingssats for mat- og middagslevering

Betalingssats for mat- og middagslevering
Sal av mat Betalingssats pr. porsjon
Full kost 190 kr per døgn
Middag 115 kr per porsjon
Frukost 65 kr per porsjon
Lunsj 65 kr per porsjon
Kveldsmat 65 kr per porsjon

Regelmessig og rett kosthald er viktig for å oppretthalde eit godt funksjonsnivå. Heimebuande eldre eller andre personar som på grunn av sjukdom, alder eller andre årsaker ikkje er i stand til å ivareta sitt næringsbehov, kan få levert mat og middag. Middagen blir levert heim til deg porsjonert, varm og vakuumpakka. Det er kjøkkenet på Alvehaugen bu- og rehabiliteringssenter som lagar maten.

 

Betalingssats for tryggleiksalarm

Betalingssats for tryggleiksalarm
Teneste Betalingssats pr. mnd
Tryggleiksalarm 380 kr

Tryggleiksalarm er ein sendar du ber på deg som du kan bruke for å kome i kontakt med helsefagleg personell i ein akutt situasjon. Tryggleiksalarmen er tilknytta vaktsentralen til heimesjukepleien som rykkjer ut heile døgnet dersom alarmen går.

Alarmen skal medverke til å skape tryggheit og sikkerheit for dei som kjenner seg utrygge ved å bu åleine. Målgruppa er eldre og menneske med nedsett funksjonsevne som kjenner seg utrygge i heimen. 

 

SJUKEHEIM OG OMSORGSTENESTER

 

Betalingssats for korttidsopphald i institusjon

Betalingssats for korttidsopphald i institusjon
Tilbod Betalingssats per dag/døgn
Korttidsopphald i institusjon 185 kr

Tenesta korttidsplass er eit målretta og tidsavgrensa opphald på Alvehaugen bu- og rehabiliteringssenter. Opphaldet kan vare frå ein dag til fleire veker. Målgruppa er pasientar frå sjukehus eller heim som treng opphald for rehabilitering, utgreiing eller behandling, samt pasientar som treng lindring ved livets slutt. 

Ved korttidsopphald over 60 døgn i eit kalenderår vert betaling for opphaldet rekna ut etter reglar om eigenbetaling for langtidsopphald. Fribeløp kr. 9 000,–.
Kommunalsjef kan i særskilte høve gjere unntak frå betalingsreglane.


Langtidsopphald i institusjon

Langtidsplass er ein fast plass og eit butilbod utan tidsavgrensing, og er berekna på personar med døgnkontinuerleg behov for pleie og omsorg. 
Prisen for ein langtidsplass vert rekna ut frå din grunnpensjon i folketrygda. Sjå nærmare berekning i § 3 i Forskrift om eigenandel for kommunale helse- og omsorgstenester.


Omsorgsbustad

Ein omsorgsbustad er ein tilrettelagd bustad med tilgang til døgnkontinuerleg teneste. Personar med auka omsorgsbehov, som ikkje lenger kan bu i opphaveleg heim, kan få omsorgsbustad. 
Husleiga på dei ulike omsorgsbustadane varierer etter storleik og standard.


Dag- og nattopphald i institusjon

Dette er ei særskilt teneste som vert oppretta når nokon har særskilde behov. Til dømes: dersom heimeverande kone/mann skal på sjukehus ein dag, og ingen kan sjå til kona/mannen som er heime.


Døgnopphald/akutt hjelp

Akutt hjelp og døgnopphald på sjukeheimen er eit opphald som erstattar innlegging på sjukehus. Det er berre lege som kan legge inn pasientar på akutt døgnopphald. 
Tenesta er gratis og kan innvilgast i inntil 72 timar. Ved behov for vidare medisinsk oppfølging i sjukeheim, vert vedtaket omgjort til eit korttidsopphald. Betalingssatsen er 100 kroner per døgn.

 

Helsestasjonen

Vaksinar

Alle vaksiner i barnevaksinasjonsprogrammet er gratis.

Reisevaksinasjon er ei teneste du må betale for og dei ulike reisevaksinane varierer i pris. I Ulstein kommune er det fastlegen du må ta kontakt med for å få reisevaksinasjon: Ulstein legesenter, 70 01 89 89.

I tillegg til barnevaksinasjonsprogrammet og reisevaksinar finst det ei rekke andre vaksinar som vert tilbode. Til dømes influensavaksine, vaksine mot lungebetennelse, smittsam hjernehinnebetennelse, HPV-vaksine og koronavirus. Desse vaksinane må du i dei fleste tilfella betale for, med unntak av vaksinen mot koronavirus. 

helsestasjonsportalen finn du meir informasjon om vaksinar.

 

Skulehelseteneste

Skulehelsetenesta finst på alle barne-, ungdoms- og vidaregåande skular. Skulehelsetenesta er ansvarleg for vaksinasjon av barn og ungdom, og gir i samarbeid med skulen tilbod om undervisning i klasser, samt gruppe og individuelle samtalar.
Tenesta er gratis.

 

Helsestasjon for ungdom

Helsestasjon for ungdom er eit lågterskeltilbod for gutar og jenter i alderen 13-20 år, og er eit supplement til skulehelsetenesta. 
Tenesta er gratis.

 

Gravid

Er du gravid har du tilbod om svangerskapskontroll hos jordmor på helsestasjonen eller hos din fastlege. Du kan sjølv velje om du vil nytte jordmor, fastlege eller ein kombinasjon av desse.
Tilbodet er gratis.

Fødsels- og foreldreførebuande kurs er eit kurs for dei som skal bli foreldre, slik at dei får auka kunnskap og tryggleik kring fødselen og foreldrerolla.
Tilbodet er gratis.

Meir info finn du på helsestasjonsportalen vår.

Kultur og idrett

Kommunestyret i Ulstein vedtok i juni 2022 å innføre halleige for Ulstein Arena og Ulsteinhallen frå hausten 2022. 

Pris per årstime for trening:

Halleige for Ulsteinhallen

Halleige for Ulsteinhallen
Ulsteinhallen, kvardagar kl. 16.00-22.00 Friidrettsdelen Del A Del B
Kostnad per årstime 3 000 kr 1 500 kr 1 500 kr

 

Halleige for Ulstein Arena

Halleige for Ulstein Arena
Ulstein Arena, kvardagar kl. 16.00-21.30 Heil hall Halv hall Kvart hall
Kostnad per årstime 3 000 kr 1 500 kr 750 kr

 

Sjøborg kulturhus og kino kan leigast

Kulturhuset og kinoen kan leigast til konsertar, teater, møter, stemne og andre kulturelle føremål. All leige av kulturhuset skjer gjennom kulturkontoret i Ulstein kommune.

Her kan du lese meir om leigevilkår, leigesatsar, tekniske spesifikasjonar og bestillingsliste/leigekontrakt (PDF, 290 kB).

 

Barnebursdag i Ulsteinbadet

Har du lyst å feire bursdagen din i Ulsteinbadet? Vi legg til rette for bading, mat og noko søtt!
Bursdagspakken vår inkluderer inngong til Ulsteinbadet (inntil 2 timar), ei valfri brus, eit pizzastykke og ein valfri is, for 185 kroner per pers (+ 20 kroner for eit ekstra pizzastykke per pers).

Her er meir praktisk informasjon om bursdagsfeiring i Ulsteinbadet.

Barneselskap bestillast på e-post til ulsteinbadet@ulstein.kommune.no ei veke på førehand, med antal gjestar. Atterhald om kapasitet.

 

Ulstein bibliotek

Ulstein bibliotek finn du sentralt plassert i 1. etasje i Ulstein Arena. Kontakt oss på telefon 70 01 02 95 elle på e-post bibliotek@ulstein.kommune.no dersom du vil leige lokale i biblioteket.

Lån av bøker og film er gratis ved biblioteket. Lånetida for bøker er 4 veker, og lånetida for film er 1 veke. Har du ikkje levert inn lånt materiell etter 3. purring, får du tilsendt erstatningskrav.

 

Ulstein kulturskule

Her finn du informasjon om prisar for elevbetaling, ev. materiellkostnadar, instrumentleige og undervisningsmateriell.

Kulturskulen har 20 % moderasjon for søsken. Dette gjeld også elevar ved fleire disiplinar. 

Sal, servering og skjenking

Sals- og skjenkegebyra i kommunen følger til ei kvar tid satsar satt i forskrift til alkohollova. Kommunen gir frist for innrapportering av omsetjing som dannar grunnlag for avgift.

Sals- og skjenkegebyr

Sals- og skjenkegebyr
Sakshandsamingsgebyr Løyve for 1 dag For påfølgande dagar
Sakshandsamingsgebyr ved søknad om alminneleg løyve til einskildarrangement 1 200 kr 500 kr

 

Etablerarprøven

For å få innvilga serveringsløyve, må den som skal vere dagleg leiar på ein serveringsstad, og som skal servere mat og alkoholfri drikke, ha bestått etablerarprøven. Prisen for etablererprøven er 400 kroner.
Hareid kommune er vertskommune for etablerarprøven, og der får du meir informasjon om tilbodet.

 

Kunnskapsprøven

For å få innvilga skjenkeløyve må styrar og avløysar av verksemda ha bestått kunnskapsprøven. Prisen for kunnskapsprøven er 400 kroner.
Hareid kommune er vertskommune for kunnskapsprøven, og der får du meir informasjon om tilbodet.

 

Torghandel og leige av grunn

Alle som skal drive handel utanom fast utsalsstad frå kommunale areal i Ulsteinvik, må betale torgavgift. Salsplass vert berre tildelt etter søknad.

Vi har torgplassar og andre kommunale areal i Ulsteinvik som du kan leige.

Her er reglementet for leige av kommunal eigedom og for handel utanom fast utsalsstad frå kommunal eigedom (PDF, 517 kB).

Leige av torgplass

Leige av torgplass
Leigetid Enkeltplass Straum
døgn 100 kr 50 kr
veke (måndag-laurdag) 500 kr 250 kr
månad 1 500 kr 750 kr

 

Skule og SFO

SFO - skulefritidsordning

SFO er eit fritidstilbod utanom den ordinære skuledagen. Alle barneskulane i Ulstein har SFO, så sant der er minst seks påmelde ved kvar skule ved skulestart. 

I ferien er det tilbod om SFO ved Ulsteinvik barneskule. Det gjeld også barn frå andre krinsar, dersom det er nok søkarar til ordninga.

Betalingssatsar for SFO

Betalingssatsar for SFO
SFO-tilbod Dagar per veke Pris per månad Matpengar per månad
Dagplass 2 1200 40
Dagplass 3 1800 60
Dagplass 4 2400 80
Heil plass 5 3000 100

Her finn du meir informasjon om SFO og pris.

 

Skuleskyss

Du har rett på fri skuleskyss dersom du har meir enn 4 km avstand mellom heim og skule. For førsteklassingar er avstanden 2 km. Du har også rett på fri skuleskyss dersom du på grunn av funksjonshemming, skade eller sjukdom har behov for skyss, uavhengig av avstand mellom bustad og skule. Dersom du har særleg farleg eller vanskeleg skuleveg, eller at det er nødvendig med båt- eller ferjetransport så kan du ha rett på fri skuleskyss. Eleven har ikkje rett til fri skuleskyss i samband med SFO og leksehjelp.

På Møre og Romsdal fylkeskommunes nettsider finn du meir informasjon om skuleskyssordninga.