Bustadtomter i EiksundFeltet Johanmarka ligg i idylliske Eiksund med panoramautsikt over øya Eika og Sunnmørsfjella. Tomtene er sørvende og er frå ca. 800 m² til 1200 m² store. PrisTomtepriser 380 kr per m². KartKart over dei kommunale bustadtomtene i Eiksund finn du her (Sunnmørskart.no).Tomter som er merka med "L" på kartet er ledige. Tomter som er merka med "R" er handgitt (reserverte). "S" betyr at tomta er seld. Ein T betyr at tomta er tildelt nokon, enten etter konkret søknad eller at den er tildelt ved trekking.Dersom du er interessert i ei tomt som står som handgitt (R), kan du søke om å få denne tildelt. Då får den som har fått tomta handgitt to vekers frist til å bestemme seg. Du kan ikkje søke på tomter med status T.Søk om tomtDu finn nødvendige søknadskjema og informasjon om retningslinjer her.Sjå film frå området, laga av Blåtind Fotografikk, på initiativ frå Bulyst Eiksund og Haddal: Publisert 12.10.2018 15:57