Ønskjer du å sende sikker post til Ulstein kommune utan ei tilhøyrande sak? Dette gjer du også ved å bruke eDialog. Bruk ID-porten (MinID, BankID eller liknande) for å logge deg inn.
Kvifor bruke eDialog?
Med tenesta eDialog kan du vende deg til oss i ein sikker kanal. Det er betre å bruke eDialog enn e-post, fordi e-post kan bli hacka eller stoppa i eit spamfilter, eller saksbehandlaren du sender e-post til, kan vere bortreist. Vi tilrår difor at du brukar eDialog når du skal sende oss noko - uavhengig av om innhaldet er sensitivt eller ikkje.
Kva er nytt?
Ulstein kommune sender brev trygt og sikkert til din digitale postboks (Altinn, Digipost eller e-boks).
Frå og med 13.01.2021 har du no høve til å svare på desse breva ved å klikke på lenkja «Svar på denne forsendelsen».
– Då kjem det opp eit vindauge for eDialog der du kan skrive inn ei melding og legge ved vedlegg (ver obs på at vedlegga må vere i PDF-format).
Brevet kjem då kjapt og sikkert fram til rett sakshandsamar i kommunen.
Vi oppmodar om å ikkje sende sensitiv informasjon på e-post.