Pris og moderasjon for barnehageplass

Pris og moderasjon for barnehageplass

Maksprisen for ein heil barnehageplass er 3 000 kroner per månad. Prisen gjeld frå 1. januar 2024.  Frå 1. august er maksprisen 2 000 kroner. Det er staten som bestemmer maksprisen.

Prisar i kommunale barnehagar

Prisane gjeld for kommunale barnehagar i Ulstein kommune.

Barnehagesatsar frå 01.08.2024

PlasstilbodPrisMatpengar
100 prosent

2000 kroner

430 kroner

80 prosent

1800 kroner

344 kroner

60 prosent

1400 kroner

258 kroner

50 prosent

1200 kroner

 215 kroner

 

Det er 30 prosent søskenmoderasjon på barn nummer 2, og 100 prosent søskenmoderasjon på barn nummer 3.

Søskenmoderasjon gjeld sjølv om du har eitt barn i kommunal barnehage og eitt barn i privat barnehage.

Du skal ikkje søke søskenmoderasjon, dette skjer automatisk.

 

Redusert pris for barnehageplass (for hushald med låg inntekt)

Ingen skal betale meir enn seks prosent av samla brutto inntekt til barnehagen. Skattefrie inntekter vert ikkje inkludert.

Har foreldre delt omsorg og barnet bur fast hos begge foreldra, skal foreldrebetalinga reknast ut frå inntekta i hushaldet der barnet er folkeregistrert.

 

Gratis kjernetid

Alle 2-, 3-, 4- og 5-åringar, og barn som har utsett skulestart kan få gratis kjernetid med 20 timar per veke. Det er inntekta i hushaldet som bestemmer om de har rett på ordninga. Meir informasjon om inntektsgrense finn du på nettsidene til Utdanningsdirektoratet

 

Søknadsfrist

Du kan søke gjennom hele året. Vedtaket gjeld frå og med første månad etter søknadstidspunktet. Søknaden gjeld for eit barnehageår om gongen. Ordninga gjeld både kommunale og private barnehagar.

 

Slik søkjer du

Bruk tenesta Vigilo for å søke om å få redusert betaling.

Kontakt

Ann-Christin Bonde Helliksen
barnehagekonsulent
E-post
Telefon 70 01 77 07