Eigedomsskatt

I 2019 sender vi ut brev om kva du skal betale i eigedomsskatt (skattesetel) innan utgangen av mars. Klagefristen er 15. mai. Sjølve rekninga vert fordelt på to terminar. 

 
Skattelister til offentleg ettersyn

Frå 25. mars til 15. mai 2019 ligg skattelistene for eigedomsskatt ute til offentleg ettersyn. 

 

Når skal eg betale?

Eigedomsskatten skal betalast i to omgangar (terminar): rundt månadsskiftet mars/april og i september. Du vil dermed få to rekningar i posten. Seinast i slutten av mars sender vi dessutan ut eit brev (skattesetelen) der det står kva du skal betale i eigedomsskatt.

 

Kva omfattar eigedomsskatten?

Ulstein kommunestyre vedtok 13. desember 2018 at det skal krevjast inn eigedomsskatt for 2019. Skatten gjeld faste eigedomar i heile kommunen, unnateke næringseigedom, kraftverk, vindkraftverk, kraftnettet og anlegg omfatta av særskattereglane for petroleum. Alle bustad- og fritidseigedomar (også våningshus, garasjar og naust) og ubygd grunneigedom er omfatta. Tomter regulert til næring er ikkje omfatta. Eigedomsskatten i Ulstein får eit botnfrådrag på 200.000,- kr pr. bustad i 2019.

 

Korleis vert skatten rekna ut?

Skattesatsen er 2 promille av bustadverdien. Kommunestyret har vedteke at grunnlaget for eigedomsskatten skal vere bustadverdiane i registeret «Formuegrunnlag for likning av bustader i Ulstein kommune» frå skatteetaten. 

 

Kva når bustadverdien manglar?

For nokre bygg og eigedomar manglar det ein bustadverdi frå skatteetaten. Typisk vil det gjelde våningshus, hytter, naust, garasjar og tomteareal – og eigedomar som er ferdigstilte etter utgangen av 2017. Skattetakstnemnda i Ulstein har våren 2018 taksert verdien av desse bygga og eigedomane. Nemnda vart vald av kommunestyret. Taksten gjeld i ti år.

Skattetakstnemnda nyttar ein sjablong til å rekne ut eigedomsskatten. Vi gjer merksam på at skattetakstnemnda retta sjablongen ved vedtak i møte 26. februar 2019. Den retta sjablongen gjer at verdien på våningshus på gardar som har kommunal takst får taksten redusert med 30 % i høve til tilsvarande hus på frådelt tomt. Den retta sjablongen presiserer også at alle naust, hytter og husvære skal ha tillagt tomteverdi. 

Last ned sjablongen her (PDF, 353 kB)

 

Kva om der er fleire eigarar?

Der det er registrert fleire eigarar, er det berre éin som vert eigarrepresentant og får skattesetelen og rekningane. Om du meiner at det er ført feil eigarrepresentant på ein eigedom, kan du ta kontakt med kommunen. Sjå kontaktinformasjonen nedanfor. 

 

Korleis kan eg klage?

Du kan klage på taksten for eigedomen din. Legg merke til at du må sende klagen til den som har fastsett taksten. Skattesetelen du har fått tilsendt, fortel kven som har fastsett taksten.

Viss du vil klage på ein takst som skattetakstnemnda i Ulstein har fastsett, kan du klage til kommunen. Klagen vert då først handsama av skattetakstnemnda. Viss nemnda ikkje tek klagen til følge, vert han sendt vidare til klagenemnda. Send brev eller e-post, adressene finn du nedst på denne sida.

Viss du vil klage på ein takst som er fastsett ut frå bustadverdien frå skatteetaten, må du ta kontakt med skatteetaten. Sjå www.skatteetaten.no/bolig eller ring tlf. 800 80 000.

Fristen for å klage er 15. mai 2019. Klagen må vere skriftleg. Merk klagen med gards- og bruksnummer, eventuelt også feste- og seksjonsnummer. Gi opp telefonnummeret ditt. 

  

Kan ein få fritak for eigedomsskatt?

Fristen for å søke om fritak i 2019 er 15. februar. Ein kan søke om fritak for eigedomsskatt for

«eigedom åt stiftingar eller institusjonar som tek sikte på å gagne ein kommune, eit fylke eller staten» og/eller

«bygning som har historisk verde». 

 

Meir informasjon

 

Kontaktinformasjon

 

E-post:
postmottak@ulstein.kommune.no

Postadresse:
Ulstein kommune
Eigedomsskattekontoret
Postboks 143
6067 Ulsteinvik

  
   

Kontakt

Peder Arne Almedal
prosjektleiar
E-post
Telefon 70 01 76 05