Informasjon om SFO og pris

Informasjon om SFO og pris

SFO er eit fritidstilbod utanom den ordinære skuledagen. Alle barneskulane i Ulstein har SFO, så sant der er minst seks påmelde ved kvar skule ved skulestart. 

I ferien er det tilbod om SFO ved Ulsteinvik barneskule. Det gjeld også barn frå andre krinsar, derom det er nok søkarar til ordninga.

Korleis svarar du på tilbod om plass?

Bruk dette skjemaet for å takke ja eller nei til tilbod om SFO-plass

 

Kven kan få tenesta?  

  • SFO er for barn frå 1. til 4. klasse. For elevar med særlege behov omfattar SFO også 5. til 7. klasse

  • Ved stor søking vert dei yngste elevane prioriterte, og det vert loddtrekning blant dei eldste elevane

 

Kva tid er det SFO?

  • Det er SFO frå august til og med juni
  • Den daglege opningstida varierer mellom skulane innanfor tidsramma 07.00–17.00


Kva kan du forvente?

Tilsette ved skulefritidsordninga skal gi barna omsorg og tilsyn. Dei skal legge til rette for leik, kultur- og fritidsaktivitetar med utgangspunkt i alder, funksjonsnivå og interesser hos barna.

Funksjonshemma barn skal gis gode utviklingsvilkår.


Kva kostar det?

  • Prisen kjem an på om barnet ditt skal gå 5, 4, 3 eller 2 dagar på SFO per veke. (Sjå timeplan for nye førsteklassingar her) (DOCX, 18 kB)

  • I tillegg til månadsprisen kjem matpengar.

  • Det er 25 prosent søskenmoderasjon. Det betyr at om du allereie har eit barn i SFO, vil det neste barnet som får SFO-plass samtidig få 25 prosent avslag på prisen.

  • Ferietilbod haust, vinter og sommarferie er inkludert i høve til plassalternativ.

  • Kjøp av enkelttimar: 100 kroner for påbegynt time

Betalingssatsar for SFO

Betalingssatsar for SFO
SFO-tilbod Dagar per veke Pris per månad Matpengar per månad
Dagplass 2 1200 40
Dagplass 3 1800 60
Dagplass 4 2400 80
Heil plass 5 3000 100

Satsane vart vedteke i levekårsutvalet 5. mai 2021.

Det er gratis kjernetid i SFO for 1.- og 2. klassingar. Les meir om det her.

Korleis få plass?

Her finn du søknadsskjemaet for SFO-plass. Søknadsskjemaet krev at du loggar inn med ID-porten (MinID, bankID, buypassID m.a.)

Dersom du ikkje har ID-porten, eller er folkeregistrert i ein anna kommune, kan du bruke dette skjemaet i staden

Søknadsfristen for skuleåret 2021/2022 er 15. april, men du kan også søke om plass for barnet ditt heile året.

Når det gjeld ferie-SFO nyttar kommunen Edlevo-app til ferie-planlegging. Føresette legg inn dei dagane eleven skal vere på SFO eller ha fri i haust-, vinter- og sommarferien.

 

Når kan du vente svar?

Vi vil handsame søknaden din snarast etter at fristen for påmelding er ute. Søknad gjennom året vert handsama fortløpande.
 

 

Kontakt

Nils Ertesvåg
pedagogisk konsulent
E-post
Telefon 70 01 77 10
Mobil 90 67 95 11