Bustadtomter på Skeide

Skeide Per Eide Flammande solnedgang, ope og vakkert, hav og fjell rett utanfor stovedøra - gangavstand til sentrum, eit triveleg nærmiljø med barneskule. Her vert det flott å bygge og bu! 

Vegard Ertesvåg På Skeide er det til saman etablert 50 bustadtomter, og også ein del areal for tettare utnytting (firemannsbustader, rekkehus m.m.). 

Det vert lagt opp til at utbyggingsfirma kan søke på områda for tettare utnytting etter visse kriterium. Dei fleste områda for tettare utnytting vert annonsert samstundes med bustadtomtene. Desse er også markert med omriss i kartet.

 

Pris

Tomtepris pr. m² er kr 1250,- fastsett av kommunestyret den 17.06.2021.

 


Søk om tomt

Innan 22.august 2021 kunne interesserte søke på tomter med inntil 5 alternativ. Det kom inn 33 søknader og det vart utført trekning. I alt 20 tomter vart fordelte.  Korleis trekkinga vart utført er skildra i "Prosedyre for tildeling ved trekning (PDF, 130 kB)".

Dei tomtene som ikkje vart tildelt i den runda, ligg no markert som ledige og kan søkast på fortløpande.

Søknadskjema og informasjon om retningslinjer finn du her.


Kart

Kart over dei kommunale bustadtomtene på Skeide finn du her (Sunnmørskart.no). Markert med blått omriss.

Under forhandlingane om kjøp av grunn til tomter på Skeide, fekk nokre av grunneigarane gjort avtale om å kjøpe igjen ei tomt. Denne retten gjeld i seks månader frå kommunalt vedtak om tomtepris. Aktuelle tomter er merka med F på tomtekartet. 

Tomter som er klare for å søke på vil verte merka med ein L. Tomtene vil vere byggeklare i oktober 21.

Tomter som i reguleringsplan er regulert til tettare utnytting vil du sjå har ein mørkare gulfarge enn ordinære bustadtomter.

I vår 3D-modell over kommunale tomter for sal kan du manøvrere deg rundt i byggefeltet. Det er også lagt til rette for ein enkel sol/skugge-analyse.

Klikk her for å kome inn i 3D-modellen.

I kartoversikt under viser dei nye tomtene og vegsystemet. Vegstubbar som er teikna med grønt er fellestilkomstar der kommunen ikkje har ansvar for vedlikehald og brøyting.

 

Skeidebygda bada i sol sett frå utsiktspunkt på Nibben Arne Runar Vik   

Flott utsikt til Ulsteinfjorden, Hindholmen i fin flyt. Arne Runar Vik      Frå utsiktspunktet Kassen på Osberget. Berit Cecilie Skeide