Parallelloppdrag Ulsteinvik - Ulshaugen - Holsekerdalen

Parallelloppdrag Ulsteinvik - Ulshaugen - Holsekerdalen

 

Ulstein kommune har lyst ut eit parallelloppdrag. Det kom inn 16 spanande tilbod og to arkitektgrupper har blitt valt ut. Desse er Kaleidoscope Nordic AS og Nordic - Office of Architecture

Her kan du sjå Oppgåveprogrammet (PDF, 4 MB)

Eit parallelloppdrag er i denne samanhengen eit oppdrag som vert gitt til to tverrfaglege arkitektgrupper for at dei skal teikne framtidsbileter av ein stad og greie ut korleis ein kan arbeide for å realisere visjonane. 

Utgreiingane dannar grunnlag for at ei lokalt forankra og fagleg kompetent vurderingsgruppe kan utarbeide ei tilråding som er basert på lokale føresetnadar. Parallelloppdraget skal bidra til å styrke utviklingskrafta og utvikle samarbeidet mellom næringslivet, innbyggjarane og kommunen, samt legge grunnlaget for områderegulering av sentrum og detaljregulering av Ulshaugen og Holsekerdalen. 

Det vil bli halde eit oppstartsseminar, eit midtvegsseminar og eit sluttseminar. 

Møre og Romsdal fylkeskommune har gitt tilskot til prosjektet gjennom regionale utviklingsmidlar og tettstadprogrammet. 

 

På denne sida vil vi samle informasjon til arkitektgruppene og innbyggjarane langs med prosjektet. 

 
Presentasjonar frå oppstartsmøte 13.05.2020:

Nordic (PDF, 5 MB)

Dokument midtvegsseminar 22.-23.06.2020

Kaleidoscope (PDF, 11 MB)

Nordic (PDF, 31 MB)

Attraktive Ulsteinvik - fokusgruppe ungdom (PPTX, 622 kB)

Tilbakemeldingar frå fokusgrupper og vurderingsgruppa: 

Vurderingsgruppa si tilbakemelding til arkitektane etter midtvegsseminar (PDF, 309 kB)

Referat og innspel (PDF, 580 kB)

Referat fokusgrupper runde nr 2 (PDF, 2 MB)

Bjørndals minde - Kulturavd MogR Fylkeskommune (PDF, 710 kB)

Kontakt

Cecilie Roppen
planleggar
E-post
Telefon 70 01 76 03