Val 2023

Val 2023

11. september 2023 er det kommunestyre- og fylkestingsval. Her finn du oversikta over når, kvar, og korleis du kan stemme. Bruk knappane over for å få svar på det du lurer på.

Lurer du på kven du skal røyste på?

Listene for Ulstein finn du her

Listene for Møre og Romsdal fylke finn du her

Kjem du frå ein annan kommune eller eit anna fylke finn du vallistene på deira nettsider.

Merk at du kan røyste i Ulstein sjølv om du kjem frå ein annan stad, bortsett frå på sjølve valdagen.

Slik røyster du

  • Ved kommunestyrevalet kan du gi personrøyster ved å sette kryss ved sida av dei kandidatane du ønsker skal flytte oppover på vallista. Så mange kryss du vil.
  • I tillegg kan du gi personsrøyst til inntil seks personar frå ei anna liste ved å skrive namnet på personen i blokkbokstavar på setelen (avmerkt område). Gjerne kalla slengarar. Her er føremålet å gjere det mogleg for deg å gi delar av stemma di til ein kandidat frå eit anna parti enn det du ønsker å stemme på.
  • Ved fylkestingsvalet er det også mogleg å gi personrøyster (kryss), men ikkje slengarar.  
  • Det er ikkje høve til å stryke kandidatar i nokon av vala.

 

Ein blå og ein rosa stemmesetel utan partinamn. - Klikk for stort bileteVed fylkestingsvalet (blå setel) kan du gi personstemme ved å sette kryss i boksa ved sida av namna. Så mange kryss du vil. Ved kommunestyrevalet (rosa setel) kan du gjere det same, og også gi "slengarar" til personar frå andre parti. Inntil seks namn (ikkje ti – som det står på dette dømet). Det er ikkje høve til å stryke kandidatar.

Person på Hasundhornet sett bakfrå, med valurne på ryggen og utsikt over Ulsteinvik. - Klikk for stort bileteDersom du ikkje kan ta deg til eit vallokale, kjem vi til deg, med valurne, røystesetlar, stempel og alt som trengs for at du skal få stemme. Janne-Marit Myklebust