Institusjonsrøysting

Institusjonsrøysting

I førehandsrøysteperioden reiser vi ut til dei ulike institusjonane i Ulstein, for å sikre at alle som ønsker å røyste, skal få røyste.

Det er ikkje lett for alle å ta seg til eit vallokale. Vi besøker difor sjukeheim og omsorgsbustader i Ulstein i perioden før valdagen.

  • Laurdag 2. september vert det institusjonsrøysting ved omsorgsbustadene i Sjøsida
    klokka 16.00–18.00
  • Måndag 4. september vert det institusjonsrøysting ved
    • Alvehaugen bu- og rehabiliteringssenter klokka 09.00–12.00 for bebuarane
      ved sjukeheimen og omsorgsbustadene i området
    • Bygdastova på Ulshaugen klokka 13.00–16.00 for bebuarane på senteret
    • Holsekerdalen 20 for bebuarane i Holsekerdalen 20 og Holsekerdalen 22
      klokka 17.00–20.00

Lurer du på kven du skal røyste på?

Listene for Ulstein finn du her

Listene for Møre og Romsdal fylke finn du her

Kjem du frå ein annan kommune eller eit anna fylke finn du vallistene på deira nettsider.

Merk at du kan røyste i Ulstein sjølv om du kjem frå ein annan stad, bortsett frå på sjølve valdagen.