Valdagen 11. september

Valdagen 11. september

På sjølve valdagen, måndag 11. september, må du røyste i den kommunen du er folkeregistrert/manntalsført.

Manntalet er ei oversikt kommunane nyttar for å registrere alle som røyster. Manntalet har såkalla skjeringsdato 30. juni. Det vil seie at du på valdagen 11. september, må røyste i den kommunen du var busett i 30. juni same år. Skal du på flyttefot i sommar, må du altså passe på å førehandsrøyste, eller reise til den kommunen du flytta frå for å røyste.

Vi har fire valkrinsar i Ulstein:

  • Ulstein og Flø – gymsalen ved Ulstein skule
  • Ulsteinvik – Ulstein bibliotek i Ulstein Arena
  • Hasund og Dimna –  Hasund bygdahus (gymsalen ved Hasund skule)
  • Haddal og Eiksund – Haddal grendahus (gymsalen ved Haddal skule)

Opningstider:

  • 09.00–21.00 i Ulsteinvik valkrins
  • 14.00–19.00 i dei andre valkrinsane

Lurer du på kven du skal røyste på?

Listene for Ulstein finn du her

Listene for Møre og Romsdal fylke finn du her

Kjem du frå ein annan kommune eller eit anna fylke finn du vallistene på deira nettsider.

Merk at du kan røyste i Ulstein sjølv om du kjem frå ein annan stad, bortsett frå på sjølve valdagen.