Treng du å røyste heimanfrå?

Treng du å røyste heimanfrå?

Når du ikkje kan kome til oss, vil vi gjerne kome til deg! 

Det er ikkje nødvendig å oppgi nokon grunn til at du røyster heimanfrå, men vi vil gjerne ha beskjed så fort du er klar til å røyste, frå 10. august. Då kjem vi med urne, stempel, røystesetlar og det som må til for at du skal få røyste.

Lurer du på kven du skal røyste på?

Listene for Ulstein finn du her

Listene for Møre og Romsdal fylke finn du her

Kjem du frå ein annan kommune eller eit anna fylke finn du vallistene på deira nettsider.

Merk at du kan røyste i Ulstein sjølv om du kjem frå ein annan stad, bortsett frå på sjølve valdagen. 

Fristen for å melde frå til oss er 8. september klokka 12.00.

Ring oss på 70 01 75 00 og avtal tid, eller kontakt valansvarleg Janne-Marit Myklebust på e-post: janne@ulstein.kommune.no

Ambulerande reklame frå Hasundhornet med utsikt mot Ulsteinvik. - Klikk for stort bilete Janne-Marit Myklebust