Her er dei godkjende vallistene

Her er dei godkjende vallistene

Ti parti med til saman 167 kandidatar stiller til val i Ulstein. No har valstyret godkjent listene.

Rosa røystesetel (kommunestyreval) vert putta i ei valurne. - Klikk for stort bilete Tore Fjeld

Listene valstyret godkjende i møte 16. mai: 

  • Arbeidarpartiet
  • Framstegspartiet
  • Høgre
  • Industri- og Næringspartiet
  • Konservativt
  • Kristeleg Folkeparti
  • Raudt
  • Senterpartiet
  • Sosialistisk Venstreparti
  • Venstre

Klikk her for å laste ned listene med kandidatnamn til kommunestyrevalet i Ulstein 2023 (PDF, 35 kB)
(listene er ikkje alfabetisk, men i den rekkefølga dei vart levert, frå sist til først).

Klage

Vallova § 6-8 gir høve til å klage på vedtaket i valstyret om å godkjenne eller forkaste ei valliste. Klagefristen er sju dagar etter offentleggjeringa av listene. I år vart listene offentleggjorde 23. mai. Klagefristen er dermed 30. mai 2023. 

Ei eventuell klage sender du til Ulstein valstyre. Bruk e-postadressa postmottak@ulstein.kommune.no eller postadressa postboks 143, 6067 Ulsteinvik.