Barnekoordinator

Barnekoordinator

Når eit barn er alvorleg sjukt og/eller har nedsett funksjonsevne, har familien rett til ein barnekoordinator.

Barnekoordinatoren vil samle og koordinere dei ulike tenestene, slik at familien og barnet får den hjelpa dei treng.

Det er koordinerande eining som utnemner barnekoordinator i samråd med andre tenesteytarar.

Retten til barnekoordinator gjeld når barnet er under 18 år.


Kva gjer barnekoordinatoren for familien?

Barnekoordinatoren vil mellom anna

  • gi informasjon og rettleiing om dei rettane familien har og om tenestetilboda til kommunen
  • avklare forventningar og kartlegge behovet til kvar enkelt
  • formidle kontakt til aktuelle organisasjonar, til dømes pasientorganisasjonar
  • sørge for framdrift i den individuelle planen til barnet, viss barnet har ein slik plan
  • sørge for at det er samarbeid mellom dei ulike tenestene
  • sikre kontinuiteten i sårbare overgangar
  • sikre brukarmedverknad

Arbeidet til barnekoordinatoren tar utgangspunkt i eit viktig spørsmål: Kva er viktig for deg og familien din? Barn har rett til å bli høyrde i spørsmål som gjeld dei. Deira meining skal leggast vekt på i takt med alderen og utviklinga.


Kva er skilnaden på alimnneleg koordinator og barnekoordinator?

Vilkåra for å ha rett til barnekoordinator er noko strengare enn vilkåra for å få ein alminneleg koordinator i individuell plan. I tillegg rettar barnekoordinatoren større merksemd mot familiane enn ein alminneleg koordinator. Du kan lese meir om det i den nasjonale rettleiaren for samarbeid om tenester til barn og unge.

Nokre familiar vil oppfylle vilkåra for å få både barnekoordinator og alminneleg koordinator. Men det er ikkje meininga å ha to koordinatorar. I slike tilfelle skal kommunen, i samråd med barnet, ungdommen og familien, vurdere kva type koordinator det er mest føremålstenleg at familien får.


Korleis får du barnekoordinator i Ulstein?

Når kommunen kjenner til at ein familie har behov som kan gi rett til barnekoordinator, vil kommunen på eige initiativ informere familien om ordninga. Familiene som er kjende for oss vert kontakta.

Familiar som vil søke om å få barnekoordinator kan bruke dette søknadsskjemaet.

Andre helseinstansar kan bruke dette meldingsskjemaet. (DOCX, 27 kB)


Korleis kan du klage om du ikkje får barnekoordinator?

Du kan klage på

  • avslag om barnekoordinator
  • endring eller opphøyr av barnekoordinator
  • manglande oppfylling av rett til barnekoordinator.

 

Send klage til Ulstein kommune, helse og omsorg ved koordinerande eining, postboks 143, 6067 Ulsteinvik.

Kontakt

Norunn Margrethe Dimmen
Leiar Koordinerande eining
E-post
Mobil 98 23 06 37
Heidi Strand
einingsleiar 1 heimetenester
E-post
Mobil 98 23 06 40