Koordinerande eining

Koordinerande eining

Nokre av innbyggjarane i Ulstein kommune er født med behov som gjer at dei treng hjelp frå fleire instansar (habilitering). Desse instansane bør samarbeide og samordne seg for å gi nødvendig assistanse.

Andre innbyggjarar har fått nedsett funksjonsevne seinare i livet. Kommunen arbeidar for å gi desse størst mogleg funksjons- og meistringsevne, sjølvstende og deltaking sosialt og i samfunnet. Dette vert kalla rehabilitering.

Brukarverknad står sentralt i arbeid med habilitering og rehabilitering.

Brukarar med behov for koordinerte og tilpassa tenester skal vite kvar dei skal vende seg for å få hjelp. 

 

Kva er koordinerande eining?

Koordinerande eining er ei tverrfagleg gruppe som tek imot søknadar om behov for koordinerte tenester. Søknadar vert behandla og koordinator vert tildelt i frå den instansen som høver mest naturleg for søkaren.

 

Koordinerande eining sine oppgåver:

  • vurdere behovet for koordinator
  • registrere rehabiliteringsbehov
  • vere fast adresse og knutepunkt for samarbeid mellom kommunen, fylket og dei statlege institusjonane for å sikre brukarane sine behov for teneste
  • sikre gode rutinar for opplæring av koordinatorrolla
  • sikre gode rutinar for opplæring og utarbeiding av individuell plan 
  • ha oversikt over kven som har koordinator og kven som har individuell plan
  • vurdere søknadar om støttekontakt
  • sikre brukarperspektiv
  • vere lokal pådrivar for kompetanseheving av habilitering og rehabilitering
  • ha oversikt over behov og kapasitet i kommunen si rehabiliteringsavdeling
  • nært samarbeid med spesialisthelsetenesta
  • samarbeid med brukarorganisasjonar
  • evaluere kommunen sin rehabiliteringsplan

Kven er målgruppa?

Målgruppa er alle som har behov for assistanse for å oppnå eller halde ved like sitt optimale fysiske, sansemessige, intellektuelle, psykiske og sosiale funksjonsnivå. Dette fordrar innsats frå fleire faggrupper og tenesteområde.


Kva kan du forvente?

Ein plan for habilitering og rehabilitering skal sikre at personar som har ulike behov får tilbod om tilpassa tenester. Dette kan medverke til stimulering av eiga læring, motivasjon, auka funksjons- og meistringsevne, likeverd og deltaking.

Plan for habilitering og rehabilitering (HTM, 3 kB)
 

Kva kostar det?

Tenesta er gratis.


Korleis søke om koordinator?

Ta kontakt med koordinerande eining om du lurer på om du har rett på ein koordinator og/eller individuell plan. Du finn kontaktinformasjon nedst på sida.

Du kan fylle ut skjemaet "Melding til koordinerande eining" (DOCX, 27 kB).


Klage på vedtak?

Finn du grunn til å klage på vedtak er klagefristen 4 veker.

Skriftleg klage kan sendast til Ulstein kommune v/kommunalsjef helse og omsorg, postboks 143, 6067 Ulsteinvik.

Om vedtaket ikkje vert omgjort, vert klaga sendt til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal som klageinstans.

Kontakt

Norunn Margrethe Dimmen
Leiar Koordinerande eining
E-post
Mobil 98 23 06 37
Lindis Sundgot
sosionom koordinerande eining
E-post
Mobil 48 89 31 83
Heidi Strand
einingsleiar 1 heimetenester
E-post
Mobil 98 23 06 40