Individuell plan

Individuell plan

Individuell plan (IP) er eit dokument som hjelper deg som har behov for langvarige og koordinerte helse- og omsorgstenester til å setje langsiktige mål for korleis du skal meistre kvardagen. 

Kva er ein individuell plan?

Planen gir oversikt over behovet ditt for offentlege tenester. Den skal vise kva du er ansvarleg for og kva det offentlege hjelpeapparatet er ansvarleg for.

Planen skal seie noko om ynskja og måla dine. Den vil gi deg ei betre oversikt over kva som er viktig for deg i dag og framover. Det er difor viktig at du deltek, så langt som råd, i å lage planen.

Individuell plan vert vanlegvis utarbeidd i lag med deg/pårørande og koordinator. Også andre aktuelle tenesteytarar kan bidra. Planen bør reviderast minst ein gong i året.

Ein individuell plan skal sikre:

  • at tenestene du mottar blir samordna og individuelt tilpassa
  • at alle tenesteytarar samarbeider med deg og/eller dine pårørande, og med kvarandre. 

Her finn du brosjyren vår. (PPT, 323 kB)

Kven har rett til individuell plan og koordinator?

Personar med behov for langvarige og koordinerte tenester har rett til å få utforma ein individuell plan og retten er heimla i følgande lover:

I tillegg gjeld forskrift nr. 1837 om individuell plan, samt Ulstein kommune sine retningsliner.

Retten til individuell plan og koordinator gir ikkje større rett til helse- og omsorgstenester enn det som du ville hatt rett på utan ein plan eller koordinator.

 

Kva kan du forvente?

Den sentrale tanken bak koordinator og individuell plan er brukarfokus og samordning av skreddarsydde tenester. Tenestemottakar skal, så langt det er råd, delta i arbeidet med eigen plan.

Det skal til ei kvar tid vere ein person som har det overordna ansvaret for oppfølging og koordinering. 

 

Kva kostar det?

Tenesta er gratis. 

 

Korleis søkje om individuell plan?

Ta gjerne kontakt med koordinerande eining. Du finn kontaktinformasjon nedst på sida.

Du kan fylle ut skjemaet "Melding til koordinerande eining" (DOCX, 27 kB).

Ulstein kommune brukar Visma Samspill for dokumentasjon av samhandlinga. 

 

Når kan du vente svar?

Søknaden vert fortløpande behandla. Sakshandsamingstida er 3–4 veker, og du vil då få skriftleg melding om vedtak. 

 

Klage på vedtak?

Finn du grunn til å klage på vedtak er klagefristen 4 veker.

Skriftleg klage kan sendast til Ulstein kommune v/kommunalsjef helse og omsorg, postboks 143, 6067 Ulsteinvik.

Kontakt

Norunn Margrethe Dimmen
Leiar Koordinerande eining
E-post
Mobil 98 23 06 37
Lindis Sundgot
sosionom koordinerande eining
E-post
Mobil 48 89 31 83
Heidi Strand
einingsleiar 1 heimetenester
E-post
Mobil 98 23 06 40