Flytte frå kommunal bustad

Flytte frå kommunal bustad

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.
Korleis avslutte leigeforholdet
  • Ved oppseiing av leigeavtalen må det gis skriftleg melding om dette minst 30 dagar før du vil flytte.
  • Du må betale husleige for heile oppseiingsperioden, også om du du flyttar tidlegare.
  • Flyttar og leverer du nøklar etter oppseiingsdatoen, må du betale leige til og med den dagen du leverer nøklar.

Lenke: Klikk her for å seie opp leigeforholdet

Dette må du gjer når du flyttar ut

Når du flyttar ut må du: 

  • vaske alle golvflater og lister, veggar og tak, skuffer og skap på kjøkkenet, vindauge og vindaugskarmar, dusj/badekar og toalett.  
  • rydde ut alle eigedelar frå bustaden og eventuelle boder. 
  • la litt varme stå på om du flyttar om vinteren.
  • levere nøklar til Ulstein Eigedomsselskap (UEKF).
Om bustaden ikkje er i orden

Om ikkje anna er avtalt, skal bustaden vere rein, ryddig og i same stand som då du flytta inn.

Unntaket er slitasje som skuldast vanleg bruk over tid, og manglar som Ulstein Eigedomsselskap (UEKF) sjølve skal utbetre.

Er bustaden ikkje i orden, må du betale for reparasjonar og arbeid for å sette i stand bustaden igjen.