På saklista til kommunestyret 21. mars

På saklista til kommunestyret 21. mars

Sjå direktesendinga frå Ulstein kommunestyre, torsdag 21. mars frå klokka 17.00.

Stian med ein stor buke konvoluttar ved postkassa til Ulstein kommune. - Klikk for stort bileteOrdførar Stian Skorgen Scheide reklamerer for innbyggarundersøkinga som vart gjennomført i desember 2023. Janne-Marit Myklebust

 

Møtet kan du sjå direkte her frå torsdag klokka 17.00.

Elles er du velkomen til å vere tilskodar i salen på Sunnmøre folkehøgskule.

 

Lurer du på kva folk svarte på innbyggarundersøkinga?  Har du høyrt at vi skal redusere feiegebyret? Eller at det vert vurdert gratis bading for 2.- klassingar? Få med deg sakene til kommunestyret denne veka!

På saklista

  • Delegeringsreglement for Ulstein kommune
  • Plassering av skateutstyr på Vikholmenområdet
  • Revidert regelverk for handgiving og tildeling av industri- og næringstomter i Saunesmarka
  • Auka løyving for kjøp av næringstomt i Saunesmarka
  • Behovsutgreiing av ROP-bustader
  • Reduksjon av feiegebyr for 2024
  • Forskottering og garanti for hall - Hasundgot IL
  • Veteranplan for kommunane på Søre Sunnmøre
  • Barnehageplassar i Ulstein
  • Resultat av innbyggarundersøkinga 2023
  • Rullering av KIF-planen sitt handlingsprogram
  • Ulsteinkortet - alle med (gratis bading?)

 

Alle sakspapira finn du enkelt oversikt over her:

Gå til møtedokumenta

Oversikt over kven som sit i kommunestyret finn du her: Ulstein kommunestyre 2023–2027