Prosjekt for innsparing i oppvekstsektoren

Prosjekt for innsparing i oppvekstsektoren

Kommunestyret har bede administrasjonen om å vurdere framtidig ressursbruk, struktur og kapasitet i barnehagar og skular i Ulstein kommune. På denne sida kan du følge prosessen fram til endeleg vedtak i 2025.

Siste nytt i saka:

Barn på skule. Rekker opp hendene. - Klikk for stort bilete Adobe Stock

Bakgrunn

Ulstein kommune må spare opp mot 19 millionar kroner for å sikre ei berekraftig drift. Det er difor naudsynt med ein gjennomgang av heile det kommunale tenesteområdet, men ein stor del må tas i oppvekstsektoren.

Grunnane er fleire, men i hovudsak handlar det om at vi vert fleire eldre og færre unge i Ulstein. Dette påverkar korleis kommunen må prioritere ressursane sine. Ulstein kommune har fem grunnskular av ulik storleik, der den minste skulen har 49 elevar og den største 492. Dette gir rom for å tenke nytt om organiseringa, utan at det skal gå ut over den gode kvaliteten vi har i Ulsteinskulen i dag. 

Kommunen har også tre kommunale barnehagar og ein fjerde under planlegging.

På denne nettsida vil du finne informasjon om arbeidet, og du kan finne informasjon om korleis og når du kan medverke i prosessar og uttale deg i saka. 

Trykk på den grå knappen for å utvide:

Spørsmål og svar
Kva er bakgrunnen for prosjektet?

Ulstein kommune må spare opp mot 19 millionar kroner for å sikre ei berekraftig drift. Det er difor naudsynt med ein gjennomgang av heile det kommunale tenesteområdet, men ein stor del må tas i oppvekstsektoren.

Grunnane er fleire, men i hovudsak handlar det om at vi vert fleire eldre og færre unge i Ulstein. Dette påverkar korleis kommunen må prioritere ressursane sine. 

 

Kommunestyret gjorde følgande vedtak i desember 2024:

"8. Ulstein kommunestyre ber administrasjonen om å sette i gang prosessar for å redusere driftskostnadar inn mot økonomiplan 2025–2028 med 18,84 millionar kroner.

I dette ligg vurderingar som-  

Greie ut endring av organisering oppvekst og kultur og framtidig ressursbruk, struktur og kapasitet på barnehage- og skuleområdet." 

Heile vedtaket med fleire punkt finn du i protokollen (sak 150/24): Protokoll - Kommunestyret - 12.12.2024 

Kor mykje pengar må kommunen spare?

Kommunen må spare nærare 19 millionar kroner i 2025.

 

 

Kvifor ser vi på organiseringa av skulane?

Ulstein kommune har fem grunnskular av ulik storleik, der den minste skulen har 49 elevar og den største 452. Dette gir rom for å tenke nytt om organiseringa av skulane. Ei utgreiing utført av KS Konsulent i 2021 viste at det er mogleg å drive skular på ein god måte med mindre budsjett, noko som opnar for nye strukturelle løysingar. Korleis ein eventuell ny skulestruktur skal sjå ut, må verte avgjort gjennom ein grundig og involverande prosess. Innsparingar frå slike tiltak er realistiske, og ein forsiktig prognose indikerer at kommunen kan oppnå ei innsparing på om lag 10 millionar kroner frå 2026. Dette vil gi Ulstein kommune betre økonomiske rammer til å sikre kvaliteten i oppvekstsektoren framover

Kva er ein skulestruktur?

Ein skulestruktur skildrar korleis skular er organisert i ein kommune. Det handlar om talet på skular, kvar skulane ligg, kva klassetrinn dei har, og korleis elevane er fordelt mellom skulane. Vert det endringar i demografien (talet på eldre og yngre til dømes), økonomi eller geografiske forhold, kan det påverke strukturen.

Kvifor kan vi ikkje berre redusere talet på lærarar?

Lærarnorma er ein nasjonal regel som fastset kor mange elevar det maksimalt kan vere per lærar i grunnskulen.

For 1.–4. trinn skal det vere maksimalt 15 elevar per lærar, og for 5.–10. trinn er grensa 20 elevar per lærar. Dersom kommunen reduserer talet på lærarar utover dette, bryt vi med plikta vi har til å oppfylle lærarnorma.

Årsverk/lærarnorm i Ulsteinskulen

Årsverk/lærarnorm i Ulsteinskulen
Skule  Trinn  Gruppestorleik Årsverk over  Årsverk under 
Haddal skule  1.–4. 5,7  2,8 
   5.–7. 1,9 
Hasund skule  1.–4. 10,4  2,1 
   5.–7. 10,3  3,6 
Ulstein skule  1.–4. 12,1  0,5 
   5.–7. 10,8  1,7 
Ulsteinvik barneskule  1.–4. 14,4  0,6 
   5.–7. 19,6  0,2 
Ulsteinvik ungdomsskule  8.–10. 19,4  0,7 
 SUM        14,1 
Per januar 2025.
Kvifor vert det færre elevar?

Fødselstala i Noreg har sokke dei siste åra. Det vert fødd færre barn per kvinne enn det gjorde tidlegare. Dette påverkar talet på barn som startar på skule.

Prognose elevtalsutvikling 2024–2030

Prognose elevtalsutvikling 2024–2030
Prognose førsteklasse  2024/25  2025/26  2026/27  2028/29  2029/30  2030/31 
Fødd i år:  2019  2020  2021  2022  2023  2024 
Haddal skulekrins 
Hasund skulekrins  17  18  19  25  17  21 
Ulstein skulekrins  11 
Ulsteinvik sentrumskrins  67  57  77  58  47  57 
Sum  98  93  108  98  79  94 

Totalt ser det ut til at elevtalet for barneskulane i Ulstein vert redusert frå 705 til 658 elevar (- 47 elevar som utgjer -6,66 %). Haddal skule held seg stabil med ein liten auke på 4 elevar (frå 2024/2025 til 2030/2031. Hasund skule opplever ein nedgang på 8 elevar (-5,67 %), Ulstein skule vert redusert 6 elevar (-11,%), og Ulsteinvik barneskule vert redusert med 37 elevar (-8 %). 

Kvifor får skulane mindre pengar når det vert færre elevar?

Kommunen får pengar (rammetilskot) frå staten kvart år. Summen kommunen får er basert på mellom anna talet på innbyggarar. Dersom elevtalet går ned, får kommunen mindre pengar. Ein elev færre betyr 100 000 kroner mindre til skulen.

 

Er større skular betre enn små skular?

Det er både nasjonal og internasjonal forsking om skulestorleik, trivsel og læring. Ein rapport frå 2022 av professor Thomas Nordahl viser at det er liten samanheng mellom skulestorleik og elevane si læring og trivsel.

Kva med barnehagane?

Ulstein kommune har i dag tre kommunale barnehagar (Sudgotmarka, Almejordet og Høddvoll) og  fem private barnehagar. 

Kommunestyret har vedtatt at det skal byggast ny kommunal barnehage i Hasund krins (prosjekt Uglesætra).

Som ein del av kunnskapsgrunnalget vert det lagt opp til gjennomføring av spørjeundersøking retta mot føresette og tilsette i dei kommunale barnehagane. 

Å gjere ei vurdering av endring av barnehagestrukturen, vil vere vanskeleg å gjere før eventuelle forslag til skulestruktur ligg føre.

Kven kan medverke og korleis?

Det er fleire måtar du kan involvere deg i saka. 

Du kan sende inn generelle spørsmål i skjemaet under.

Merk at all dialog med kommunen er å rekne som offentleg informasjon. Vi vil samle opp aktuelle spørsmål vi får og publisere svar på denne sida, men vi vil ikkje publisere namnet eller e-posten til den som har sendt det inn.

 

Delta i høyringa

Saka skal ut på høyring i mai/juni. Det vil seie at alle som ønsker det kan sende inn meininga si til kommunen. Du kan delta i høyringa som privatperson eller som del av ein organisasjon (til dømes FAU, idrettslag m.m.). Alle høyringssvar vert offentleggjort, vurdert og kommentert i den politiske saka.

Når saka vert lagt ut på høyring vert ho lagt ut på sida for høyringar og kunngjeringar på nettsida til Ulstein kommune, i tillegg til hovudsida for prosjektet.

 

Kommunestyret gjordet 12. desember 2024 følgande vedtak:

"Ulstein kommunestyre ber administrasjonen om å sette i gang prosessar for å redusere driftskostnadar inn mot økonomiplan 2025–2028 med 18,84 millionar kroner.

I dette ligg vurderingar som-  

Greie ut endring av organisering oppvekst og kultur og framtidig ressursbruk, struktur og kapasitet på barnehage- og skuleområdet." 

Les protokollen her (sak 150/24).

Tidslinje

  • Januar: ferdigstille og handsame mandat i levekårsutvalet (29. januar)
  • Februar: utarbeide spørjeundersøking og plan for gjennomføring
  • Mars–april: gjennomføre spørjeundersøking i barnehagar og skular
  • Mai: ferdigstille kunnskapsgrunnlag og administrasjonen si tilråding
  • Juni: politisk handsaming av kunnskapsgrunnlag og tilråding (03.06 – 19.06)
  • Juni – august: kunnskapsgrunnlag og administrasjonen si tilråding ut på høyring 
  • August: arbeid med høyringsinnspel
  • August/september: kommunestyret gjer vedtak om korleis oppvekstsektoren skal organiserast (25.08-11.09)

 

Still spørsmål