Etablere ny sentrumsbarnehage i Ulstein skule
Ved planlegging og dimensjonering av barnehage ved Ulstein skule er det avgjerande å sikre at kapasitet og bemanning er tilstrekkeleg for å møte behova til barna på ein trygg og pedagogisk forsvarleg måte. Kapasitet viser til talet på barn barnehagen kan ta imot. Bemanning handlar om kor mange tilsette som er tilgjengelege for å ivareta barna sine behov for omsorg, og gi dei eit pedagogisk tilbod i tråd med barnehagen sitt formål.
Barnehagar skil seg frå skular ved at dei krev spesifikke løysingar og tilpassingar for å sikre eit trygt miljø for små barn. Dette handlar om korleis barnehagen kan organiserast med tanke på talet på plassar, leike- og opphaldsareal, og bemanning i tråd med gjeldande lovverk og forskrifter. Som fasilitetar for kvile og søvn, fleire toalett med god tilgang til handvask, og nærleik til desse. Korleis spesialpedagogiske ressursar kan integrerast for å styrke laget rundt barnet og sikre tett oppfølging av barn med særskilde behov – i tråd med intensjonane i NOU om tidleg innsats og tverrfagleg samarbeid står sentralt.
Gjennom ei vurdering av kapasitet og bemanning kan ein sikre eit trygt, stimulerande og inkluderande miljø som fremjar trivsel og læring.
Bygget
Ved etablering av ein barnehage i Ulstein skule, er der fleire krav etter gjeldande lovverk som må oppfyllast. Dette omfattar både godkjenning av sjølve barnehagedrifta og tilpassing av bygget etter tekniske og reguleringsmessige krav.
Bygget har fleire strukturelle kvalitetar som gjer det godt eigna for barnehageformål, gitt naudsynt tilpassing. Eit av dei mest positive trekka er den gode tilgangen på naturleg lys gjennom store vindauge, noko som bidreg til eit lyst og triveleg inneklima. Naturleg lys er viktig for både trivsel, helse og læring, og det gir eit godt utgangspunkt for å skape stimulerande og varierte leike- og opphaldsareal.
I tillegg har bygget god takhøgd. Dette er særleg verdifullt i barnehagesamanheng, der barna er fysisk aktive og har behov for opne og fleksible areal. Høg takhøgd gir betre moglegheiter for ventilasjon og lysinnslepp, og opnar for kreative løysingar i innreiing og bruk av romma.
Bygget gir fleksibilitet i planlegginga til å skape eit miljø som støttar leik, utforsking og sosialt samspel – i tråd med barnehagepedagogikken.
Uteareal
Utearealet ved Ulstein skule vil gi barn i barnehage rike moglegheiter for leik, utforsking og fysisk aktivitet i eit variert og stimulerande miljø. Med store areal og nær tilgang til skog, fjell og fjøre, med ulike terreng og kvalitetar, kan barna oppleve naturen på nært hald og utvikle tilknyting og kjærleik til heimplassen sin.
Områda legg til rette for frileik, sosialt samspel og fysisk utfalding, noko som styrkar både motoriske ferdigheiter og trivsel, og bidreg til å byggje både meistring og god helse.
Kostnad og framdrift
Det er vanskeleg å gi ei presis kostnadsramme for å legge til rette barnehage på noverande tidspunkt. Dette må greiast ut om kommunestyret sluttar seg til tilrådinga. Sidan bygget og dei tekniske installasjonane står fram som godt vedlikehaldne, vert det vurdert som mogleg å gjennomføre prosjektet der bygget kan ha ei framtid som barnehagebygg. Dette må kartleggast gjennom eit forprosjekt. Det må også takast høgde for at ei bruksendring kan utløyse krav etter teknisk forskrift (TEK17). Den førre større ombygginga av bygget vart gjennomført i 2008.