Vi vil framleis at du registrerer koronasmitte

Vi vil framleis at du registrerer koronasmitte

Illustrasjonsfoto: koronatestar. Pixabay Testar du positivt for korona, håper vi at du kan melde frå om det til kommunen.

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

Helsetenesta ønsker å ha ei viss oversikt over situasjonen så dei kan følge utviklinga av koronapandemien. Dei som testar positivt og registrerer inn dette, vert lagt inn i vaksinasjonsprogrammet slik at dei eventuelt kan få ei oppfriskingsvaksine til rett tid.

Lenke: Sjølvregistrering kan du gjere her.

- Dette gjeld også for dei som har tre vaksinar. Truleg vil det kome ein fjerde dose til hauste, i alle fall i nokre aldersgrupper, seier kommuneoverlege Norunn Kirkebø Elde.

Meir informasjon om smittestatus, hurtigtestar m.m. finn du på samlesida vår om korona.