Her kan du registrere positiv heimetest/hurtigtest

Pixabay For å gjere arbeidet med registrering og oppfølging av positive hurtigtestar enklare, får du no moglegheita til å registrere positive hurtigtestar for deg og/eller dine næraste.

Logg inn med BankID her: 

Registrer positiv heimetest

Du må fylle ut informasjon om:

  • Arbeidsstad eller skule
  • Dato/tidsperiode for test
  • Symptomstart
  • Smittestad
  • Om du er i risikogruppa

Innsending av skjema:

Når du har sendt inn skjemaet, vil du få ei melding om at skjemaet er registrert. Du vil så få moglegheit til å gå til framsida og registrere positiv test på ein annan person. 

Det er ikkje lenger krav om karantene, men råd om isolasjon i fire dagar.

Etter positiv test er det ikkje nødvendig med negativ test før du går ut av isolasjon (fire dagar). Både PCR-testen og hurtigtesten kan halde seg positive ein periode etter påvist smitte, utan at du er smittsam.

Hurtigtestar kan du hente på helsestasjonen på Reiten, kvardagar mellom 08.00-16.00. Kontakt helsestasjonen på telefon 468 23 371 om du har spørsmål. 

Lurer du på noko? Helsenorge.no har svaret.

Sjå også samlesida vår om det er andre ting du lurer på. 

Endring i rutinar for PCR-test

Personar som har fått tre vaksinedosar, eller som har fått to dosar og deretter har vore smitta av korona i løpet av dei siste tre månadene, treng ikkje lenger å ta PCR-test etter positiv heimetest. Ein person med positiv sjølvtest vert rekna som eit sikkert positivt tilfelle. 

Ta kontakt for PCR for å stadfeste resultatet av sjølvtesten dersom du er i desse gruppene: 

  • Barn opp til 16 år (på grunn av vaksine)
  • Uvaksinerte
  • Personar i risikogrupper
  • Personar som ikkje har fått tre dosar og treng koronasertifikat

 

Under 16

Dersom du allereie har registrert positiv heimetest dei siste 14 dagane, eller har ei aktiv registrering i Fiks smittesporing på deg sjølv eller barna dine, vil du få beskjed om at de allereie er registrert og må ta kontakt med kommunen.

Ved registrering av barn vil du få opp ei liste over dine barn, henta frå folkeregisteret. 

Løysinga hentar barn under 16 år som har same bustadadresse med den som er innlogga.