Tidspunkt for skulestart

Tidspunkt for skulestart

Pexels/Vision.Pic.net

Skuleåret i Ulstein tek til måndag 17. august. Frammøtetida er litt ulik frå skule til skule.

  
Alle elevane møter måndag 17. august, og elevane skal møte til desse tidspunkta: 

  • Haddal skule: kl. 8.15 for 2.-7. klasse, 1. klasse møter kl. 8.30

  • Hasund skule: kl. 8.40 for 2.-7. klasse, 1. klasse møter kl. 9.00

  • Ulstein skule: kl. 8.15 

  • Ulsteinvik barneskule: kl. 8.30 

  • Ulstein ungdomsskule: kl. 8.20. Meir informasjon på skulen si heimeside.

 

SFO startar opp måndag 17. august. Det er ikkje SFO 10.–14. august pga. studie- og planleggingsdagar.

 

Ved Ulstein kompetansesenter startar norskopplæringa måndag 17. august kl. 8.30.
Kontakt kompetansesenteret om kurstilbodet hausten 2020.

 

Vi ønskjer alle vel møtt til eit nytt skuleår! Dei minste borna med føresette er særskilt velkomne! 

Skulerute med oversikt over ferie- og fridagar 2020/2021.

Kontakt

Nils Ertesvåg
pedagogisk konsulent
E-post
Telefon 70 01 77 10
Mobil 90 67 95 11