Spørsmål om kapasitet og levetid for Hasund skule (8. mai)
Spørsmål: Skuleskildring med kapasitetsvurering I Norkonsult sin rapport frå 2016 vert brakkebygget på Hasund skule vurdert til å vere «… av meir førebels karakter. I eit langsiktig perspektiv har ikkje dette bygget kvalitetane som blir lagt til grunn for gode læringsareal. Sjølv om vi reknar klasseromma i hovudbygget som den reelle og langsiktige kapasiteten på skulen, utgjer dette bygget ein vesentleg kapasitet slik det er i dag. Bygget kan nyttast i fleire år framover.» I kommunen sin eigen kapasitetsvurdering er Norkonsult si 10 år gamle formuleringa gjengitt ordrett, og lagt til grunn for at kapasiteten på skulen er 280 i staden for 207. Eg har følgande spørsmål: 1. Kva ser kommunen som forventa restlevetid av dette bygget? 2. Eksisterer det tilstandsrapportar eller uttale frå kommuneoverlege eller andre instansar som klarerer dette bygget som gode læringsareal i 2025? 3. Er det fornuftig å konkludere med ein elevkapasitet på 280 på Hasund skule når ein veit at dette er høgst midlertidig utan omfattande kostnadar?
Svar: Takk for dine spørsmål i samband med skulekapasitet og status for brakkebygget ved Hasund skule. Under finn du svar på dei tre punkta du tek opp:
1. Forventa restlevetid for brakkebygget:
Brakkebygget vart oppført som ei mellombels løysing, og er no brukt utover det som var planlagt som levetid. Kommunen vurderer at bygget forsett kan nyttast i ein periode framover, men det har klare avgrensingar både teknisk og pedagogisk. Det bør ikkje reknast som ein varig del av skulen si kapasitet.
2. Tilstandsrapportar eller faglege vurderingar:
Vi har per i dag ikkje nye tilstandsrapportar eller eigne uttalar frå kommuneoverlegen som stadfestar at brakkebygget tilfredsstiller dagens krav til gode læringsareal. Bruken byggjer på tidlegare godkjenning og intern oppfølging frå eigedomsforvaltinga. Samtidig erkjenner vi at det ikkje held mål som permanent undervisningslokale.
Vedlagt ligg rapportar om Inneklima og kartlegging. Det er og mogeleg for oss å engasjere AVONOVA til eit informasjonsmøte kring tema.
3. Vurdering av kapasitet på 280 elevar:
Vert vurdert i saka som skal ut på høyring.
Vedlegg: Inneklimavurdering (PDF, 2 MB) Kartleggingsrapport luft (PDF, 502 kB)