Monica og Birgitte er klar for val

Monica og Birgitte er klar for val

Tidlegrøystinga til kommunestyre- og fylkestingsvalet er i gang på Ulstein rådhus.

Monica og Birgitte framfor røystebåsen. - Klikk for stort bileteMonica Håheim Knotten og Birgitte Vikanes skal ta imot tidlegrøystene på Ulstein rådhus frå 3. juli–9. august. Janne-Marit Myklebust

Frå 3. juli til 9. august er det mogleg å røyste til kommunestyre- og fylkestingsvalet ved å nytte seg av såkalla tidlegrøysting.

Tidlegrøysting er eit tilbod til dei som ikkje har høve til å røyste i den ordinære førehandsrøysteperioden (frå 10. august) eller på valdagen (11. september).

Du treng ikkje vere folkeregistrert i Ulstein for å røyste her i tidleg- og førehandsperioden.

Tidlegrøystinga går føre seg på Ulstein rådhus, alle kvardagar mellom klokka 09.00–15.00.

Avtal gjerne på førehand på telefon 70 01 75 00.

Hugs legitimasjon.

Lurer du på kven du skal røyste på?

 

Listene for Ulstein finn du her

Listene for fylket finn du her

Kjem du frå ein annan kommune eller eit anna fylke finn du vallistene på deira nettsider.

Merk at du kan røyste i Ulstein sjølv om du kjem frå ein annan stad, bortsett frå på sjølve valdagen 11. september. 

Les meir om valet i Ulstein