Koronaviruset: nye politiske møtedatoar

Klikk for stort bileteTalarstolen på Ulstein rådhus Svein Arne Orvik Dei komande møta i dei folkevalde organa våre har fått nye datoar. Vi legg til rette for fjernmøte på video og telefon. 

 
På grunn av koronasituasjonen vart det bestemt å utsette møta som var planlagde i mars/april.

 

Nye datoar

No har vi fastsett nye møtedatoar: 

  • 14. april: ungdomsrådet og fellesrådet for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne 

  • 15. april: levekårsutvalet 

  • 16. april: teknisk utval 

  • 21. april: formannskapet og administrasjonsutvalet 

  • 23. april: kommunestyret 

Dei oppsette møta i mai og juni går på dei planlagde datoane.

 

Fjernmøte 

Av omsyn til smittevernet, planlegg vi for å halde møta i april som fjernmøte med telefon-/videokonferanse. 

Søre Sunnmøre IKT jobbar no med ei løysing for dette, og vi kjem tilbake med meir informasjon om det. 

På grunn av koronasituasjonen er det fastsett ei ny nasjonal forskrift om fjernmøte

Sjå sida med siste nytt i Ulstein og oppdatert informasjon til innbyggarane om koronaviruset