Koronaviruset: Følg politiske møte på nett
Talarstolen på Ulstein rådhus
Svein Arne Orvik
Koronasituasjonen gjer at det ikkje er mogleg å vere fysisk til stades i politiske møte. Du som innbyggar er velkomen til å følge med på møta på nett.
Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.
Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.
På grunn av smittevern mot koronaviruset vert møta i folkevalde organ halde som fjernmøte med video. Slik er det inntil vidare. Møta som var var planlagde i mars/april har fått nye datoar.
Lenker til videomøte
Følg lenkene for å vere publikum i møta. I avsnittet lenger nede får du rettleiing til korleis du koplar deg til.
(Er du folkevald og møtedeltakar, får du tilsendt andre lenker til møta.)
Kople til møte
Teknisk informasjon
-
Løysinga fungerer med dette utstyret: pc, Mac, smarttelefon/nettbrett (Apple og Android)
-
Løysinga fungerer ikkje med dette utstyret: Chromebook
-
Unngå nettlesaren Internet Explorer.
Rettleiingar
Forskrift om fjernmøte
På grunn av koronasituasjonen er det fastsett ei ny nasjonal forskrift om fjernmøte.
Publisert 14.04.2020 07:42
Sist endra 23.04.2020 22:45