Kort om Ulstein-naturen

Kort om Ulstein-naturen

Ulstein har stor spennvidde og variasjon både i naturtypar og plante- og dyreliv.
  

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

Landskapet

Landarealet i Ulstein kommune er nær 97 km2. Landskapet er forma av hav og is til eit utprega strandflatelandskap med flate låglandsbremmar, langgrunne strender og bratte fjellsider opp mot fjellplatå på 3500 moh. Høgst er Blåtinden med 697 moh.

Bølgjene sine mektige krefter har forma ut det dramatiske landskapet på den stupbratte utsida av øya, og dei mjuke svabergsskulpturane langs lågare havstrender. På sørvestsida av Hareidlandet er eit idyllisk fjordssystem med fine naturhamner og gode fiskeplassar.

Bergarten eklogitt er ein Ulstein-spesialitet.

Beitedrift har skap eit heidominert kulturlandskap, men tyrirøter og stokkar i torvmyrane er vitnemål om tidlegare skogar heilt ut mot storhavet. Levande restar av kystfuruskogen finst på Eika.

 

Plantelivet

Plantelista for Ulstein kommune omfattar mellom 600 og 700 ulike karplantar, alt frå varmekjære, til karrige plantar som klorar seg fast på verslitne fjelltoppar eller ytst mot ei saltpiska havstrand.

 

Fuglelivet

Lista over fugleartar omfattar 226 ulike artar, med 123 artar påvist hekkande, frå reine havfuglar via kravfulle, sørlege artar til utprega fjellfuglar som er avhengige av steinørken i alpint terreng.

 

Dyrelivet

Pattedyrartane er naturleg nok ikkje like talrike, men hjort, hare, oter og mink er godt representerte. Kobb og mange kvalartar høyrer også til i vår natur. Ein kan sjå nesten alle dei norske kvalartane utanfor kysten.

Fleire område i Ulstein er verna.