Eklogitt – ein sentral bergart i Ulstein

Eklogitt – ein sentral bergart i Ulstein

Ulstein har nokre av dei største førekomstane av eklogitt i landet, og med det også global interesse. 

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

Wikimedia/Woudloper Sjeldan i verdssamanheng

Denne bergarten høyrer i verdssamanheng med til dei sjeldne. Eklogitten er vakker og variert og i hovudsak er samansett av pyroksen i varierande grønfarge og raud til raudbrun granat i ulik storleik. I tillegg er det innblanding av mindre mengder med andre mineral, mellom anna rutil, som har vore av interesse for industriell utvinning (til framstilling av titan).

 

Tung og vakker

Eklogitten er ein påfallande tung bergart og er ofte vakker å sjå på, med varierande grønfarge som dominerande, frå mørkt, nær svartaktig grøn til lys, nesten grasgrønt, og med vakre korn og krystallar av raud granat isprengt i svært varierande storleik. Dei minste er nesten som sandkorn, medan dei største kan vere fleire centimeter i diameter. Overflatestrukturen på berg og stein vil også variere sterkt i høve til innslag og storleik på granatane.

Med stor eigenvekt vart eklogitten lagt merke til og nytta som ballaststein frå gammalt av, men i vår tid er det bergarten sin venleik som vekkjer merksemd. Slipt og polert kan det bli alt frå smykke og pynt til fasadestein og bruksgjenstandar.

 

Nesten heile Ulsteinvik

Det har frå gammalt av vore sagt at Ulstein har nokre av dei største førekomstane av eklogitt i landet, og med det også global interesse. Bergarten her har vore studert av utanlandske forskarar, med månefararen Harrison ”Jack” Schmitt som den mest kjende. Ut frå dagens kunnskap må eklogittførekomstane i Ulstein reknast blant dei største i landet, særleg i areal, sjøl om Tromsdalstind i Tromsø er rekna som den mektigaste i volum. Spesielt interessant er det at nesten heile Ulsteinvik ligg på eklogitt. Feltet strekkjer seg samanhengande til heile nordsida av Dimnøya og småøyane vestafor. Her ligg eklogitten i dagen, mellom anna i Skjoranakken, på Kleiva og i Jøtulen på Dimna. Også på Hatløya og Borgarøya er bergarten lett synleg.

 

Verd å leite etter

Den tilreisande eller bufaste som har augo med seg, treng ikkje gå langt for å få ein eklogitt i handa. Ein tur langs ein fyllingskant med stein, i ei steinrøys eller der det er grave i steinrik jord, er i regelen nok. Og så må synet vere skjerpa og ein må vite kva ein ser etter. Det er likevel ikkje sikkert at det er den vakraste utgåva av bergarten som eksponerer seg først, men det kan vere vel verdt eit søk for å utvide kunnskap og kjennskap.

Lukke til!