Borgarleg vigsel

Borgarleg vigsel

Går de med planar om giftarmål og ønsker borgarleg vigsel? Ulstein kommune tilbyr vigsel på rådhuset, eller andre stadar i kommunen etter avtale. 
  

Kven kan få tenesta?

Både innbyggarar i Ulstein og besøkande kan gifte seg så lenge begge oppfyller krava til ekteskap i Noreg. 

Personar som ikkje er busette i Noreg, men som oppfyller vilkåra i ekteskapslova, kan også verte vigsla i Ulstein.

Dersom ein av brudefolket er registrert i folkeregisteret som busett i kommunen, pliktar kommunen å tilby vigsle.

 

Kva må brudefolka gjere - steg for steg?

Før dokker kan gifte dokker, må Skatteetaten sjekke om de oppfyller vilkåra ekteskapslova set for å inngå ekteskap. Dette skjer gjennom Skatteetaten sitt skjema for søknad om prøvingsattest (ekteskapsattest). 

Dersom de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap, vil Skatteetaten skrive ut ein såkalla prøvingsattest. Denne legg grunnlaget for om kommunen kan vigsle dokker eller ikkje, og prøvingsattesten må vere oss i hende i god tid før planlagt vigsel (minimum 1 veke før dato for vigsel). 

Vi oppmodar brudeparet å søke Skatteetaten om prøvingsattest først, slik at vi har grunnlaget på plass før vi avtalar dato for vigsel.  Når dokker søker/bestiller tid for seremoni/vigsel i Ulstein kommune, kan dokker legge ved prøvingsattesten frå Skatteetaten i søknaden til oss.  Fint om de har tre alternative datoar og klokkeslett for vigsel i søknaden. Vi tek kontakt med dokker for nærare avtale når vi har mottatt søknad om vigsel. 
 

  1. Søknad om prøvingsattest frå Skatteetaten
     
  2. Søknad om vigsel/bestilling av tid for seremoni i Ulstein

 

Skatteetaten har ein god hjelpar i ekteskapet steg for steg. Her kan du følgje den formelle prosessen for korleis ein inngår ekteskap i Noreg.

 

Kor og når kan vigselen skje?

Vigsel skjer etter skrifteleg søknad og avtale på Ulstein rådhus, mellom klokka 08.00–16.00 på kvardagar. Ordførarkontoret nyttast dersom brudefølget er 10 personar, eller mindre, under sjølve vigselseremonien.

Dersom brudefølget er fleire enn 10 personar, gjer kommunen avtale med Aktivitetshuset Vikholmen (livssynsnøytralt seremonirom).

Det er også mogleg å verte vigsla av ordføraren/varaordføraren andre stader. Då må brudefolka sjølve sørge for eit lokale/uterom der vigselen kan gå føre seg i verdige rammer. Vigsel utanom kontortida må avtalast spesielt.

 

Kven utfører vigselen?

I Ulstein kommune er det ordføraren og varaordføraren som har rett til å vigsle.

 

Kva kostar det?

Det er gratis å verte vigsla på Ulstein rådhus. 

Vigselseremoni på Aktivitetshuset Vikholmen er også gratis, men dersom de skal ha festen/feiringa der, etter ordinær vigselseremoni, må brudeparet dekke kostnadar for leige av lokalet. Her er lenke til Vikholmen.

Dersom de vil ha vigselen ein annan stad, må de sjølve dekke eventuell leige av lokale, og reise- og opphaldsutgifter for ordføraren/varaordføraren.

 

Korleis går vigselen føre seg?

I tillegg til brudefolka, skal det under vigselen vere to andre personar til stades som vitne. Det kan vere forlovarane eller to andre myndige personar (over 18 år). Kommunen kan stille med vitne dersom det er behov for det, og det må vere avtalt på førehand (det gjer dokker i søknadsskjemaet til kommunen).

Det vert sett av om lag 15 minutt til ein vigsel.  Av dette brukar ordføraren/varaordføraren om lag 5 minutt på å lese høgt eit vigselformular som er obligatorisk og likt i alle kommunar. Formularet ender slik: "Sidan de no med vitne til stades har lova kvarandre å leva saman i ekteskap, sannar eg at de er rette ektefolk".

Etter dette kan brudefolka disponere om lag 10 minutt til for eksempel song, musikk, utveksling av ringar, tekstlesing eller liknande – dersom dokker ønsker det. Desse aktivitetane er det brudefolka sjølve som må organisere, og dokker informerer oss om dette i søknadsskjemaet til kommunen. 

Ordføraren/varaordføraren, brudefolka og vitna signerer avslutningsvis vigselmeldinga, som er ein del av prøvingsattesten frå folkeregisteret/Skatteetaten. 

 

Kva språk kan nyttast under vigselen?

Kommunen kan tilby vigsel på norsk eller engelsk, og i søknadsskjemaet til kommunen kryssar dokker av kva språk som skal brukast under seremonien.  

Dersom ein av brudefolka ikkje snakkar norsk eller engelsk, krev kommunen at paret sjølv sørger for kvalifisert tolk for eiga rekning, jamfør Tolkeloven § 7.

Nasjonalt tolkeregister er eit register der dokker kan søke opp tolkar som har formelle kvalifikasjonar frå godkjende utdanningsinstitusjonar.

Tolking via skjerm eller telefon er eit alternativ dersom tolken ikkje møter personleg. 

 

Kva må de ha med til vigselen?

Brudefolka må ha med gyldig legitimasjon, med bilete, til vigselen. Vi kontrollerer legitimasjon opp mot søknad og prøvingsattest før vi startar sjølve vigselseremonien.

 

Kva skjer etter vigselen?

Når vigselen er over vil brudefolka få med ein stadfesta kopi av vigselmeldinga. Denne gjeld som mellombels vigselattest. Kommunen sender vigselmeldinga til Skatteetaten, som utferdar den endelege vigselattesten. 

Frå 1. mars 2020 vil du som nygift motta stadfesting på vigsel digitalt frå Folkeregisteret i staden for å motta vigselattest på papir som brevpost. Etter 1. mars 2020 vil du som har gifta deg motta ei digital stadfesting Altinn, på registrering av inngått ekteskap. Dersom du ikkje er digital brukar, får du stadfestinga i posten.

Dersom du som nygift likevel ønsker å få utstedt vigselattest på papir, vil det fortsatt vere mogleg å bestille vigselattest frå Skatteetaten sine nettsider. For personar som ikkje er busett i Noreg, men som giftar seg etter norsk rett, vil Folkeregisteret fortsatt sende ut vigselattest i brevpost. Dette fordi personar busett i utlandet har behov for ein slik attest for å registrere vigselen i sitt lands folkeregister.

Ver klar over at dersom de skal endre etternamn som resultat av vigselen, så må de endre dette sjølv; Søknad om endring av namn finn de hos Skatteetaten

Treng du nytt pass? Ta kontakt med politiet i ditt distrikt

 

 
 

Kontakt

Birgitte Vikanes
konsulent
E-post
Telefon 46 95 06 62
Mobil 46 95 06 62