Livssynsnøytralt seremonirom

Livssynsnøytralt seremonirom

Ulstein kommune har inngått avtale med Stiftelsen Vikholmen om å stille sine lokale til disposisjon til livssynsnøytrale seremoniar, for innbyggarar heimehøyrande i Ulstein.

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

Kven kan bruke seremonirommet?

Seremonirommet kan fritt nyttast av personar som ønskjer namnefest, dåp, konfirmasjon, vigsel eller gravferd, enten ein er knytt til eit trussamfunn eller om ein ikkje ønskjer eit religiøst innhald i seremonien.

 

Kva kostar det å leige?

Fri bruk av rommet gjeld berre sjølve seremonien og ikkje selskapet/festen knytt til denne. Det er avsett ei tidsramme på maksimum 4 timar til sjølve seremonien.

 

Korleis leige?

Stiftelsen Vikholmen har ansvaret for at lokala til ei kvar tid er i god stand til føremålet. Stiftelsen Vikholmen har det tekniske og driftsmessige ansvaret for førebuing og tilrettelegging slik at seremonien kan gå føre seg på ein god måte. Det er stiftelsen som har oversikt over kapasitet/utleige og gir tilgang til bruk av huset. På nettsida til Stiftelsen Vikholmen finn du kalender med oversikt over ledige tidspunkt, kontaktinformasjon og booking/bestilling. Avtale om bruk skal skje minimum fire dagar før arrangementet skal gjennomførast.

 

Plassering

Stiftelsen Vikholmen, eller Aktivitetshuset Vikholmen som det også blir kalla, ligg i Sjøgata 78 (ved småbåthamna i Ulsteinvik)