Støttekontakt

Støttekontakt

Støttekontakttenesta skal vere med å gi personar med særlege hjelpebehov meiningsfull fritid, sosialt samvær og venskapleg hjelp og rådgjeving.

 

Kva kan vi tilby til den som treng tenesta?

Støttekontakta tilbyr mellom anna sosialt samvær og følge til ulike fritidsaktivitetar. Støttekontakta kan vere med deg å gå tur, gå på kafé, kino, trening eller andre sosiale aktivitetar. Fritidstilbodet skal vere basert på den enkelte brukar sine ønske, behov og forutsetningar. Praktiske gjeremål og transport er ikkje primære oppgåver for fritidskontakta. 

Føremålet med ei støttekontakt er at du som søkar skal få ei meiningsfylt fritid saman med andre.

Koordinator for kontaktordninga gir opplæring og oppfølging av støttekontaktene.
Støttekontaktene må skrive under på at dei har teieplikt. Teieplikta gjeld også etter at støttekontaktperioden er avslutta.


Kven kan få støttekontakt?

Støttekontakt vert tildelt personar og familiar som har behov for dette på grunn av nedsett funksjonsevne, alder eller sosiale problem. Støttekontakt kan også verte tildelt dei som treng personleg hjelp for å ha eit sosialt og aktivt liv.


Kva kostar det?

Tenesta er gratis, men utgifter til aktivitetar må du dekke sjølv.

Du kan søke om følgekort (ledsagarbevis), som gjer at fritidskontakta di får gratis inngang på stader som godtek dette beviset. 


Korleis søke om å få støttekontakt?

Gå inn på skjemasida vår: https://skjema.ulstein.kommune.no/  og vel "Søknad om helse- og omsorgsteneste".


Når kan du vente svar?

Søknader vert behandla så raskt som råd av eit tiltaksteam som har møte kvar torsdag. Du får skriftleg melding om vedtak.


Klage på vedtak?

Finn du grunn til å klage på vedtak er klagefristen 4 veker.

Skriftleg klage kan sendast til Ulstein kommune v/kommunalsjef helse og omsorg, postboks 143, 6067 Ulsteinvik.

Om vedtaket ikkje vert gjort om, vert klaga sendt til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal som klageinstans.

 

Ønsker du å vere støttekontakt?

Meld deg som støttekontakt her.

Kontakt

Lindis Sundgot
sosionom koordinerande eining
E-post
Mobil 48 89 31 83