Brukarstyrt personleg assistanse (BPA) Kva er brukarstyrt personleg assistanse? BPA er ein alternativ måte å organisere praktisk og personleg bistand for personar med eit stort hjelpebehov i dagleglivet både i heimen og utanfor heimen. Målet er at brukaren får moglegheit for eit aktivt og mest mogleg uavhengig liv til tross for si funksjonshemming. I BPA-ordninga er du sjølv, eller nære pårørande, arbeidsleiar. BPA er ein alternativ måte å organisere desse tenestene på: praktisk og personleg hjelp i dagleglivet Liste over leverandørar av BPA. (DOCX, 18 kB) Kven kan få BPA? BPA passer til yngre funksjonshemma som ønskjer å leve eit sjølvstendig liv. Ved å tilsette og leie sine assistentar sjølv, kan dei organisere hjelpa. Brukar, eller annan frivillig person som brukar utpeikar, må vere arbeidsleiar for assistentane. Du har krav på tenester organisert som BPA når du: er under 67 år har eit langvarig og stort behov for personleg assistanse For meir informasjon om retten til BPA, sjå pasient- og brukarrettigheitslova § 2-1 d. Kva kostar det? Sjølve BPA-ordninga er gratis. Får du innvilga brukarstyrt personleg assistanse er det kommunen som løner assistenten. Du betalar kun for heimehjelpsteneste og praktisk bistand. Betalingssatsar for heimehjelp/praktisk bistand er basert på husstanden si samla inntekstgrense som følgjer Grunnbeløpet (G) i Folketrygda, dvs. husstanden si netto likning før særfrådrag. Betalingssats for heimehjelp og praktisk bistand (uavhengig av tal timar) Grunnbeløp i folketrygda Inntekt per år Abonnement per månad Inntil 2G 0–212 798 kr 220 kr (sentral forskrift) * 2–3G 212 799–319 197 kr 1 475 kr 3–4G 319 198–425 596 kr 1 845 kr 4–5G 425 597–531 995 kr 2 215 kr Over 5G 531 996 kr 2 500 kr Timesats for enkelttimar* 420 kr per time – til du når satsane i tabellen (1G = kr 98 866,- per 01.05.2019) Over 2G er betalingssatsen kr 390,- per time inntil ein når satsane i tabellen. Informasjon om grunnbeløpet (G) i folketrygda (vert justert kvart år). Korleis søke om brukarstyrt assistanse? Bruk dette skjemaet for å søke om brukarstyrt assistanse, vel "BPA (brukarstyrt personleg assistanse)". Dokumentasjon frå lege, sjukehus eller andre instansar skal leggjast ved søknaden. Når kan du vente svar? Søknadar vert fortløpande behandla. Du får skriftleg melding om vedtak. Klage på vedtak? Finn du grunn til å klage på vedtak er klagefristen tre veker. Skriftleg klage kan sendast til Ulstein kommune v/kommunalsjef helse og omsorg, postboks 143, 6067 Ulsteinvik. Om vedtaket ikkje vert omgjort, vert klagen sendt til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal som klageinstans. Publisert 06.07.2018 13:47 Sist endra 18.07.2023 04:47