Har du behov for hjelpemiddel heime?

Har du behov for hjelpemiddel heime?

I faser i livet vil du kunne ha behov for hjelpemiddel for å kunne klare deg i det daglege.

Langvarig behov for hjelpemiddel

Ved varig og vesentleg redusert funksjonsevne i meir enn to år kan du få stønad til hjelpemiddel gjennom folketrygda. 

Denne ordninga vert administrert ved dei hjelpemiddelansvarlege (ergoterapeutane) i Ulstein kommune, i samarbeid med hjelpemiddelsentralen i Ålesund. Kontakt gjerne ergoterapeut i kommunen. Får du hjelp frå fysioterapeut, heimeteneste eller andre tenester i pleie- og omsorg kan dei også hjelpe deg med å formidle kontakt.
 

Kva hjelpemiddel finst?

Det finst inga fullstendig oversikt over alle hjelpemiddel du kan søke om. Kanskje er det ikkje eitt hjelpemiddel du treng, men ein kombinasjon av fleire? Kanskje er det tilstrekkeleg å tilrettelegge det du allereie har eller brukar, eller få tips eller råd for å løyse ditt behov?

Det fins eit stort utval av hjelpemiddel og i Hjelpemiddeldatabasen finn du mange av dei. Nav dekker ikkje alle produkta i denne basen. Noko må du kanskje kjøpe sjølv eller få låne på andre måtar.
 

Kortvarig behov for hjelpemiddel:

Ved kortvarig behov for hjelpemiddel har Ulstein kommune ein eigen hjelpemiddelsentral med eit avgrensa utval av hjelpemiddel. Desse kan lånast i inntil to år. 

Dersom ergoterapeutane er hindra frå å svare deg, kan resepsjonen på Alvehaugen bu- og rehabiliteringssenter, Sjukeheimsvegen 18, formidle kontakt. Resepsjonen er open kvardagar mellom 10.00–14.00.
 

Høyreapparat/hørselshjelp

Du får kjøpe batteri og filter til høyreapparat  på Ulstein Arena, i resepsjonen til Ulsteinbadet.
Adressa er Vikemyra 2. 

HLF - Hørselshemmedes landsforbund på ytre Sunnmøre har tre likemenn som gir hjelp til personar med hørselshemming. Første og siste tysdagen kvar månad, med unntak av juni og juli, held dei til på Frivilligsentralen i Skollebakken Aktivitetshus frå klokka 11.00–13.00. Dei kan også kome på heimebesøk om ønskeleg. Likemennene sel batteri og andre rekvisita til hørselshjelpemiddel. Du får også gratis rettleiing og hjelp.
 

Behov for krykker?

Du får kjøpe krykker, droppsko og/eller ispigg på Ulstein Arena, i resepsjonen til Ulsteinbadet.
Adressa er Vikemyra 2. 

Pris:
Kr 115,- for ei krykke
Kr 50,- for ein droppsko eller ispigg

 

 

Kontakt

Trude Gretland
ergoterapeut
E-post
Mobil 98 23 06 41
Lars Rune Skeide
vaktmeister
E-post
Telefon 98 23 06 30
Elisabeth Myrene
ergoterapeut
E-post
Mobil 90 89 77 31