Ergoterapi

Ergoterapi


Kva er ein ergoterapeut?

Ergoterapeuten har i sitt arbeid fokus på aktivitet og deltaking for alle.

Ergoterapeuten arbeider i lag med brukar med tilrettelegging når det har blitt, eller er fare for eit gap mellom kvardagen sine krav og helse.

Ergoterapeuten hjelper menneske til å fungere best mogleg i kvardagen, trass vanskar med å utføre daglege gjeremål grunna sjukdom, skade eller anna funksjonsnedsetting.
 

Kven kan ha nytte av tenesta?

Personar som på grunn av skade, sjukdom eller av andre årsaker har fått redusert funksjonsevne som gjer det vanskeleg å utføre daglege gjeremål.
 

Kva kan ergoterapeuten hjelpe deg med?

  • Førebyggande tiltak
  • Tverrfagleg habilitering og rehabilitering
  • Rettleiing, informasjon og undervisning
  • Formidle og tilpasse tekniske hjelpemiddel som kan kompensere for tapt funksjon
  • Kartlegge funksjonar og tilpasse aktivitetar/arbeidsvanar
  • Legge til rette fysiske omgjevnadar i heim, skule, barnehage og på arbeidsplass
  • Trening av daglege gjeremål
  • Søke på tilskudd til bustad og bil
  • Universell utforming
     

Kontaktinformasjon

  • Trude Gretland er tilsett i 100 % fast stilling.
  • Elisabeth Myrene er tilsett i 80 % fast stilling, med fri fredagar.


Kva kostar tenesta?

Tenesta er gratis, men tiltak som vert sett i verk kan innebere kostnader.
 

Korleis søkje om ergoterapi?

Klikk her for å kome til søknadsskjemaet, vel "Ergoterapi/hjelpemiddel".
 

Når kan du vente svar?

Søknadar vert fortløpande behandla av eit tiltaksteam som har møte kvar torsdag. Du får skriftleg melding om vedtak.
 

Klage på vedtak?

Finn du grunn til å klage på vedtak er klagefristen 4 veker.

Skriftleg klage kan sendast til Ulstein kommune v/kommunalsjef helse og omsorg, postboks 143, 6067 Ulsteinvik.

Om vedtaket ikkje vert omgjort, vert klagen sendt til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal som klageinstans.
 

Kontakt

Trude Gretland
ergoterapeut
E-post
Mobil 98 23 06 41
Elisabeth Myrene
ergoterapeut
E-post
Mobil 90 89 77 31
Heidi Strand
einingsleiar 1 heimetenester
E-post
Mobil 98 23 06 40
Lars Rune Skeide
hjelpemiddelteknikar
E-post
Telefon 98 23 06 30