Radikalisering
Radikalisering er ein prosess der ein person i aukande grad aksepterer bruk av vald for å nå sine politiske, ideologiske og/eller religiøse mål. Det er eit viktig skilje mellom radikalisering og det å vere radikal. Det er verkemiddelet, altså vilja til å nytte vald, som er sentral ved radikalisering. Prosessen kan vere svært kompleks med mange faktorar som spelar inn, eller ein enklare prosess der nokre få faktorar vert avgjerande. Ulike kanalar på internett spelar som regel ein viktig rolle i ein radikaliseringsprosess, der ekstreme haldningar får utvikle seg over tid.
Valdeleg ekstremisme
Aktiviteten til personar og grupperingar som er villige til å bruke vald for å nå sine politiske, ideologiske eller religiøse mål.
Hatkriminalitet
Vert her forstått som straffbare handlingar som heilt eller delvis er motiverte av negative haldningar til ein person eller ei gruppe sine faktiske eller oppfatta etnisitet, religion/livssyn, politiske tilhøyrsle, seksuelle orientering, kjønnsuttrykk eller nedsette funksjonsevne. Kriminalitet som heilt eller delvis er motivert av fordommar mot personar si faktiske eller oppfatta gruppetilhøyrsle. Hatkriminalitet kan vere i form av ytringar på internett. Valdeleg ekstremisme er den mest ytterleggåande forma for hatkriminalitet.
Utanforskap
Utanforskap kan her forståast som individuelle og strukturelle barrierar for deltaking på ulike arenaer. Det kan vere forskjellar i helse, utfordringar med rus, psykiske lidingar, låg deltaking i fritidsaktivitet, forskjellar i økonomi, ulike moglegheiter for å følge utdanningsløp og skaffe seg jobb, er eksempel på tilhøve som kan føre til utanforskap.
Framandkrigar
Ein privatperson som av ideologiske eller idealistiske årsaker vel å kjempe i væpna konfliktar utanfor sitt eige land, vert kalla ein framandkrigar. En framandkrigar må ikkje forvekslast med ein leigesoldat som inngår lønna kontrakt. Framandkrigarar kan vere personar som sluttar opp om førehandsdefinerte FN-registrerte terroristorganisasjonar, eller også personar som søker tilslutning i regulære militære system. Fellesnemnaren er den idealistiske motivasjonen.