SLT – førebygging av rus og kriminalitet

SLT – førebygging av rus og kriminalitet

Vi samarbeider med Hareid om SLT, som står for samordning av lokale rus- og kriminalitetsførebyggende tiltak.

Målet med SLT-arbeidet er at barn og unge skal få rett hjelp til rett tid av eit hjelpeapparat som samarbeider godt på tvers av etatar og faggrupper. 

SLT-arbeidet i Ulstein og Hareid er organisert på tre ulike nivå:

Politirådet – styringsgruppa for SLT-arbeidet. I rådet sit ordførarane, varaordførarane, kommunedirektørane og SLT-koordinatorane i kommunane, i tillegg til lensmannen og politikontakten. 

Koordineringsgruppa – representantar frå ulike etatar og fagavdelingar i dei to kommunane. 

Det utførande nivået – dei som står for det direkte rus- og kriminalitetsførebyggande arbeidet. Dette er alle som er i direkte kontakt med barn og unge og som utfører dei tiltaka koordineringsgruppa og styringsgruppa har bestemt. 

Ein SLT-koordinator i kvar kommune sikrar at alle som driv med rus- og kriminalitetsførebyggande arbeid møtest regelmessig, får felles problemforståing og samordnar tiltak.

SLT-koordinator i Ulstein er Vedrana Terzic, vedrana.terzic@ulstein.kommune.no

Du kan lese meir om SLT her.