Kommunepsykolog

Kommunepsykolog

Ulstein, Sande og Vanylven samarbeider om ei interkommunal psykologteneste. I tenesta jobbar psykologspesialist Tomas Brandal Myklebust og psykolog Runar Hovde.

Korleis jobbar kommunepsykologen?

Hovudoppgåva til kommunepsykologtenesta er førebygging og helsefremmande arbeid. Vi hjelper kommunen i spørsmål om psykisk helse i alle tenester, planar og i samarbeid mellom instansar.

Når vi jobbar førebyggande, er det viktig å ha fokus på tiltak som hjelper før utfordringane vert for store. Difor er det naturleg å ha eit særleg fokus på oppveksttilhøve til barn og unge. Kommunepsykologen jobbar difor tett opp mot helsestasjon, barnehage og skule.

Kva gjer kommunepsykologen?

Kommunepsykologen sine hovudoppgåver kan grovt sett delast inn i tre: helsefremmande og førebyggande arbeid, rettleiing og systemarbeid.   

Helsefremmande og førebyggande arbeid

Kommunepsykologen er ein del av kommunen sitt folkehelsearbeid. Dette arbeidet er retta mot både enkeltindivid, grupper og lokalmiljø. I det førebyggande arbeidet samarbeider kommunepsykologen tett med andre faggrupper i kommunen.

Rettleiing

Kommunepsykologen tilbyr rettleiing og fagstøtte til tilsette og faggrupper i kommunen.

Rettleiinga kan foregå éin-til-éin eller i grupper, og det kan vere spontant eller planlagt.

Systemarbeid

Kommunepsykologen er også ein del av kommunen sitt plan- og utviklingsarbeid. Dette kan mellom anna handle om utviklinga av konkrete handlingsplanar eller generelle bidrag for å integrere psykisk helse i folkehelsearbeidet i kommunen.

Eksempel på systemarbeid der kommunepsykologen har ei aktiv rolle: Betre tverrfagleg innsats (BTI), Betre tverrfagleg samarbeid (BTS) og Barn og unges helseteneste.

Kontakt

Tomas Brandal Myklebust
kommunepsykolog
E-post
Mobil 48 20 66 06