– Slit'an med ny brannstasjon!

– Slit'an med ny brannstasjon!

Ordførar Knut Erik Engh fekk æra av å vere snorklippar, eller slangeklippar under opninga av Ulstein brannstasjon, godt utstyrt med hydraulisk saks. Brannbamsen Bjørnis og avdelingsleiar i Hareid og Ulstein brannvesen, Harald Øvereng såg til at ordføraren kom frå det med alle fingrane like heile. Janne-Marit Myklebust

For å bruke ein klisjé: Fullt hus og stormande jubel då Ulstein brannstasjon vart offisielt opna – med stil!  

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

Det er ikkje kvar dag ordførar Knut Erik Engh vert servert ei hydraulisk saks når han er på snorklipping, men ved Ulstein brannstasjon er det meste gjennomført, no når dei har ny og moderne stasjon på plass, etter årevis med jobbing.

– Eit bygg for framtida, sa ordføraren.

Les også: Eit kvantesprang frå garasjen vi flyttar frå

 

Takk

– Slit'an med ny brannstasjon, helsa kommunedirektør Verner Larsen, på bergensk vis. 

Han fortalde at han for første gong vurderte å driste seg til å rope "Heia Brann", i Hødd-land, som ein hyllest til brannstasjonen, men han let hyllesta heller gå over til brannmannskapet.

– Eg veit ikkje kva de tenker når de må springe frå middagsbordet, eller når de vert riven ut av søvnen når alarmen går. Kanskje er det den femte unødige brannutrykkinga på kort tid, eller kanskje er det akkurat den gongen det verkeleg er alvor. Takk for den uvurderlege innsatsen de gjer, og for at de er der når det er alvor. De skal vite at arbeidet vert sett pris på. Så håper eg at ny brannstasjon vil gi auka trivsel og tryggheit til brannmannskap og feiarar, og at dette igjen vil bidra positivt til rekrutteringa framover, til desse viktige tenestene. Til lykke!

 

Kommunedirektør Verner Larsen og ordførar Knut Erik Engh med kjendisbamsen og brannbamsen Bjørnis. Janne-Marit Myklebust

 

 

– Vi er svært nøgde med brannstasjonen vår. Det er ein stor overgang frå der vi heldt til i Krushammarvegen. Det er nesten ikkje ord å bruke, sa brannsjef Olav Helt Brubakk. 

 

Brannsjef i Hareid og Ulstein brannvesen, Olav Helt Brubakk. Janne-Marit Myklebust

 

 

– Vi hadde fått heile vår tidlegare brannstasjon inn i hallen her. Det seier sitt. Her har vi fått lagt til rette slik av vi kan luke vekk mange av dei farane som brannmannskapet er utsette for. Vi har reine og skitne soner, vi får behandla skitne slangar, skitne kle og sot på ein forsvarleg måte. Vi har jobba mykje for å få på plass arbeidsflyten, og det har vorte svært bra, rosa Brubakk.

– Vi er veldig stolte over bygget.

Ros

Han takka Ulstein Eigedomsselskap, som byggherre, for samarbeidet, og henta særleg fram prosjektleiar Idar Brekke. Også avdelingsleiar beredskap, Harald Øvereng, hausta ros.

– Han har jobba lenge og mykje for å få til denne stasjonen, helsa Brubakk, til stor applaus frå alle frammøtte.

 

Fekk ros. Harald Øvereng og Idar Brekke fekk ros for innsatsen dei har lagt ned for den nye brannstasjonen i Ulstein. Janne-Marit Myklebust

 

Ordførar Knut Erik Engh og kommunalsjef teknisk, Arne Runar Vik. Janne-Marit Myklebust

 

 

 

Almejordet barnehage song flotte brannsangar til publikum, og Bjørnis dansa med. Janne-Marit Myklebust

 

Kakefest. Odd Kåre Wiik, Aage Christensen og Per Ødegård. Janne-Marit Myklebust

 

Ulstein Eigedomsselskap serverte kake til gjestene. Mellom andre politiet tok turen innom den nye stasjonen. Janne-Marit Myklebust

 

Kakesvolten varaordførar, Stian Skorgen Scheide. Janne-Marit Myklebust

 

Ørstingar på tur til nyestasjonen i Ulstein. Janne-Marit Myklebust