- Eit kvantesprang frå garasjen vi flyttar frå

- Eit kvantesprang frå garasjen vi flyttar frå

Janne-Marit Myklebust. Brannsjef Olav Helt Brubakk og avdelingsleiar beredskap Harald Øvereng.   Den nye storstova til Hareid og Ulstein brannvesen vart onsdag formelt overført frå entreprenør HS Rise Bygg til Ulstein Eigedomsselskap KF.

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

Janne-Marit Myklebust. Heile gjengen samla til overtakinga. F.v. Anne Hestflått og Aage Christensen frå UEKF, brannsjef Olav Helt Brubakk, prosjektleiar Ronny Nipen (HS Rise Bygg), avdelingsleiar beredskap Harald Øvereng, dagleg leiar Lars Ove Mork (HS Rise Bygg), formann Stian Moldskred (HS Rise Bygg), prosjektleiar Idar Brekke (UEKF) og kommunalsjef teknisk Arne Runar Vik.

- Eg trur heile den gamle stasjonen vår passar inn i garasjen her, seier brannsjef Olav Helt Brubakk inne i den nye bilhallen til Ulstein brannstasjon i Holsekerdalen.

- Eit kvantesprang frå garasjen vi flyttar frå, stadfestar kommunalsjef teknisk, Arne Runar Vik. 

Janne-Marit Myklebust. Bilhallen i den gamle brannstasjonen. Janne-Marit Myklebust. Frå høgda. I andre etasje er det vindauge ned til hallen der brannbilane skal få plass. - Heile den gamle brannstasjonen ville fått plass i den nye bilhallen., trur brannsjef Olav Helt Brubakk.

Det er ekko i hallen når praten går, men snart skal hallen og resten av brannstasjonen verte fylt av innhald.

- Det er ei ny tidsrekning. Før og etter, seier avdelingsleiar beredskap, Harald Øvereng. 

NB! Er du nysgjerrig på den nye brannstasjonen? I september vert det ope hus i samband med brannvernveka.

Det er entreprenøren HS Rise Bygg som har bygd stasjonen. Dagleg leiar Lars Ove Mork takkar for oppdraget og samarbeidet - og overlét no stafettpinnen vidare til byggherre Ulstein Eigedomsselskap KF.

- Dette har vore eit spennande prosjekt, også for oss. Det har vore eit godt samarbeid med konstruktive partar. Det har mykje å bety for sluttresultatet, seier Mork.

Janne-Marit Myklebust. Overtaking: Dagleg leiar i UEKF, Aage Christensen og dagleg leiar i HS Rise Bygg, Lars Ove Mork signerer kontrakten.   Janne-Marit Myklebust. Brannsjef Olav Helt Brubakk er meir enn nøgd med at ny brannstasjon endeleg står klar i Ulstein.  

Det er om lag akkurat eit år sidan bygginga av den nye brannstasjonen starta, men det er 16 år sidan det første innspelet om behovet for ein ny stasjon kom. Den gamle stasjonen vart bygd i 1965, og er ikkje lenger tenleg eller lovleg.

- Det har vore ein god prosess heile vegen. Det er 57 år sidan sist vi bygde ein brannstasjon, og det har vore ei lærerik erfaring. Det er nesten synd vi ikkje får bruke den erfaringa igjen, seier prosjektleiar for Ulstein brannstasjon, Idar Brekke frå UEKF.     

 Budsjettet for ny brannstasjon var på 36 millionar kroner inkludert tomt. Stasjonen er bygd innanfor budsjett.

Janne-Marit Myklebust. Reint og ureint vaskerom. Harald Øvereng innrømmer (noko motvillig) at han gler seg til klesvasken framover med gode fasilitetar.  

Først skal beredskapen på plass med utstyr og bilar. Deretter skal kontorfløya verte innreia. Innflyttinga skjer altså ikkje med det første, men om alt går etter planen vil bilar og utstyr vere på plass i månadsskiftet januar/februar.

På stasjonen er det fire kontor til feietenesta og brannleiinga.

Janne-Marit Myklebust. Kontorfløya: Prosjektleiar Idar Brekke (UEKF) i kontorfløya som rommar fire kontor. I tillegg er det god garderobekapasitet, og også noko som har vore sårt sakna på den gamle stasjonen: damegarderobe. - No er det kanskje håp om å rekruttere kvinner, seier Olav Helt Brubakk. Brannkorpset har i dag berre menn, 12 røykdykkarar og fire sjåførar.

Janne-Marit Myklebust. Trangt om plassen på den gamle brannstasjonen. Janne-Marit Myklebust. Ei anna verd på garderobefronten på den nye stasjonen. Her er både fingarderobe og grovgarderobe, både til menn og til kvinner. Janne-Marit Myklebust. To nøgde. Kommunalsjef Arne Runar Vik og dagleg leiar i UEKF, Aage Christensen. Fjernvarme

Janne-Marit Myklebust. Kakefest. Anne Hestflått frå UEKF fekk sprette kaka. Ulstein brannstasjon er knytt til fjernvarmeanlegget til kommunen. Dette er den sjuande energisentralen som er knytt til det kommunale fjernvarmeanlegget.

- Kjekt å få knytt til noko nytt, kommenterer prosjektleiar i UEKF, Anne Hestflått.

- Fjernvarmeanlegget gir kortreist, grøn energi frå fjorden, seier ho.

 

  

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Janne-Marit Myklebust. Fasaden til den gamle brannstasjonen. Janne-Marit Myklebust. Olav Helt Brubakk utanfor den nye brannstasjonen i Holsekerdalen. Og øvst på ønskelista til Hareid og Ulstein brannvesen etter dette: Ein ny stigebil. Litt større enn denne.  

Janne-Marit Myklebust