Heilt i landstoppen

Heilt i landstoppen

Helse og omsorgstenestene i Ulstein kommune er heilt i landstoppen i Agenda Kaupang sin Kommuneindeks 2026. – Det er resultatet av eit langvarig, målretta arbeid, seier kommunalsjef Kristin Vik.

F.v.: Renate Vågen, Hildegunn Utgård, Norunn Dimmen, Kristin Vik, Marlen Breivik Kristensen, Aase Djupvik, Gunn Sætre, Gunn Helen Hauge Muren, Ann-Magritt Hatløy, Anita Myklebust Ulstein og Hanne Marte Sukka. Ulstein kommune

I Agenda Kaupang sin rapport Kommuneindeksen 2026 er Ulstein kommune rangert som nummer 6 i landet på effektivitet innan helse og omsorgssektoren, og rangert som nummer 5 i kvalitetsindeksen for dei kommunale tenestene.

Rapporten viser at Ulstein kommune kombinerer høg kvalitet, god ressursutnytting og eit kostnadsnivå som er under kontroll. 

- Samhandlingsviljen i Ulstein er avgjerande

- At vi kjem høgt i Agenda Kaupang sine rapportar om tenesteprofil og ressursbruk, slik vi også gjorde i 2017 og 2024, er resultatet av ei tydeleg satsing og fokus gjennom fleire år. Det har vore politiske satsingar på 300-metersbyen, ein tydeleg senterstruktur og samlokalisering, Det har gitt oss eit unikt utgangspunkt for tenestene, seier kommunalsjef for helse og omsorg, Kristin Vik.

Men eit godt utgangspunkt gir likevel ingen garanti for gode resultat. 

– Eg trur samhandlingsviljen i Ulstein kommune er avgjerande. Den er sterk i heile organisasjonen; det gjeld politikarane, kommuneadministrasjonen, og internt i dei ulike avdelingane våre.  

- Har skapt ei “vi-kjensle” i heile organisasjonen

- Det fyl ingen premiar med ei slik rangering, men eg håpar alle våre tilsette som står på kvar einaste dag kjenner stoltheit over å vere ein viktig del av dette. Det er ei «vi-kjensle» i Ulstein. Det er vi som skal løyse det saman, seier Vik. 

- Vi gir også honnør til dei som har gått føre oss og gjort gode grep for Ulstein. Her fortener politikarane skryt, som har gjort kloke val gjennom mange tiår, legg ho til.

Sjølv om Vik og resten av leiargruppa i helse og omsorg vil gi honnøren til sine tilsette, er det ikkje å kome utanom at gode resultat i så store avdelingar som helse og omsorg også treng godt leiarskap. 

- Vi har hatt ein sterk kontinuitet i leiinga innan helse og omsorg i Ulstein. Det gir stabilitet og tryggheit i organisasjonen og for våre tilsette. Det er ein kultur for å vere tett på – både dei enkelte tenestene og brukarane. 

- Kvalitet i toppklasse

- Det mest gledelege er kvaliteten på tenestene våre. Ulstein er rangert som nummer 5 i Noreg på kvalitetsindeksen. Det plasserer oss heilt i nasjonal toppklasse, seier kommunedirektør, Jarl Martin Møller, etter rapporten frå Agenda Kaupang, som også viser at mindre kommunar ofte har større utfordringar med å oppnå høg kvalitet. 

- Ulstein bryt dette mønsteret. Det er ei sterk stadfesting av arbeidet som blir gjort kvar dag i heile organisasjonen. Kvalitet blir skapt i møtet med innbyggjarane, gjennom fagleg dyktigheit, godt samarbeid og vilje til å finne løysingar. Resultatet høyrer difor til alle som bidreg til dei kommunale tenestene våre, seier Møller.