Tenester

Tenester

Pexels Her vil de finne ei oversikt over alle tenester for barn, unge og familier i Ulstein kommune.

Tenester til barn, ungdom og familier

Helsestasjonen - og skulehelsetenesta

Ulstein helsestasjon held til i 1 etg. i Reitenbygget (Reiten 20). Dei gir tenester til gravide, barn og ungdom i alderen 0-21 år og deira føresette. Tlf: 70 01 78 80. Besøk Helsestasjonsportalen for meir informasjon. 

Gravid
Er du gravid, får du tilbod om gratis svangerskapskontroll hos jordmor på helsestasjonen eller hos din fastlege. Du kan sjølv velje om du vil nytte jordmor, fastlege eller ein kombinasjon av desse. 

Meir informasjon om svangerskapskontroll finn du her

Gravide får også tilbod om bassengtrening med fysioterapeut. Her kan du lese meir om dette tilbodet. 

Spedbarn 0-12 månader
Helsestasjonen er kommunen sitt helsefremjande og førebyggjande tilbod til alle barn i aldersgruppa 0-12 månadar og deira foreldre. Tilbodet er gratis. Helsesjukepleiar og lege tilbyr regelmessig oppfølging, og kan tilvise barn og familier med spesielle behov til andre helsetenester. Føresette kan også ta kontakt ved behov ut over faste avtalar.

Klikk her for å lese meir om kva helsestasjonen gir tilbod om. 

Barn 1-5 år
Helsestasjonen er kommunen sitt helsefremjande og førebyggjande tilbod til alle barn i aldersgruppa 0-5 år og deira foreldre. Tilbodet er gratis. Helsestasjonen skal bidra til barn si fysiske, psykiske og sosiale helse, og styrke og støtte foreldre i å meistre foreldrerolla. Helsestasjonen kan også avdekke sjukdom og skeivutvikling, og vere ein ressurs for barn og familier som har behov for ekstra støtte og hjelp.

Klikk her for å lese meir om kva helsesjukepleiar og lege kan tilby.  

Skulehelsetenesta 6-20 år
Vi har skulehelseteneste på alle barneskular, på ungdomsskulen og Ulstein vidaregåande skule. Skulehelsetenesta er ansvarleg for vaksinasjon av barn og ungdom, og gir i samarbeid med skulen tilbod om undervisning i klasser og grupper, samt individuelle samtalar/oppfølging. Tenesta er gratis og helsepersonell har teieplikt.

Klikk her for å lese meir om skulehelsetenesta.

Helsestasjon for ungdom
Helsestasjon for ungdom er eit lågterskeltilbod for ungdom i alderen 13-20 år, og er eit supplement til skulehelsetenesta. Tenesta er gratis og helsepersonell har teieplikt

Klikk her for å lese meir om helsestasjon for ungdom og her for å lese meir om tilbodet i Ulstein.

Trygg start

Trygg start er eit tilbod til gravide og småbarnsforeldre som har vanskar med psykisk helse, rus, vald eller er i ein annan sårbar situasjon.

Tenesta er gratis og tilbodet omfattar utvida oppfølging og tid med jordmor, helsesjukepleiar, helsestasjonslege, familieterapeut og fysioterapeut gjennom svangerskapet og i småbarnsperioda fram til 2 år. 

I tillegg har dei kontakt med eit fagteam som består av fastlege, psykiatriteneste og barnevern. Fagteamet kan gi rettleiing og henvise deg vidare til det ordinære hjelpeapparatet i kommunen eller helsevesenet. 

Klikk her for å lese meir om kva Trygg Start kan tilby og korleis ta kontakt. 

Barneblikk

Barneblikk er eit lavtersketilbod for heile familien, både barnet, foreldre, søsken og andre. Barneblikk familieteam skal hjelpe med det som er utfordringane for kvar einskild familie. Dette kan til dømes vere:

  • «los» i systemet og ein støttespelar for familien
  • kartlegge behovet for hjelp til kvar enkelt i familien
  • informere om kva rettar familien har
  • informere om kva tilbod som finst
  • formidle kontakt med ulike instansar 
  • nokon å snakke med
  • følge til avtalar og undersøkingar
  • rettleiing, t.d. om barnet si utvikling og korleis familien kan få det betre saman

Barneblikk familieteam har base på helsestasjonen.

Klikk her for å lese meir om Barneblikk satsinga. 

Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT)

PPT hjelper skulane og barnehagane slik at barn og unge skal få tilpassa, inkluderande og likeverdig opplæring.

Tenesta jobbar på eit overordna nivå og skal i all hovudsak hjelpe leiinga i skulane og barnehagane med kompetanseheving og organisasjonsutvikling. Målet er å legge til rette for at alle får tilpassa, inkluderande og likeverdig opplæring. Slik kan ein hindre at barn vil trenge spesialpedagogisk hjelp og spesialundervisning. 

Tenesta skal skrive sakkunnig vurdering der lova krev det. Det kan dreie seg om tidlegare eller utsett skulestart, heilt eller delvis fritak frå opplæringsplikta og elevar som treng spesialundervisning eller spesialpedagogisk hjelp.

Hareid, Ulstein, Volda og Ørsta har ei felles PP-teneste. Ulstein er vertskommune for tenesta.

Her kan du lese meir om PPT, korleis dei arbeidar med organisasjonsutvikling, kompetanseheving og sakkundig innsats. Her finn du skjema til bruk i barnehagar, skular og vidaregåande og kontaktinformasjon til tenesta.

Koordinerande eining

Ulstein kommune har ei koordinerande eining for helse- og omsorgstenester. Her kan du få råd dersom du er usikker på kva tenestetilbod som passar deg. Eininga har også det overordna ansvaret for individuell plan og for oppnemning, opplæring og rettleiing av koordinator. Koordinatoren er kontaktperson for pasient og pårørande.

Klikk her for å lese meir om koordinerande eining og deira oppgåver. Her finn du også kontaktinformasjon. 

Familievernkontoret

Familievernkontoret gir tilbod om rådgjeving og samtalar når det er vanskar, konflikter eller krise i familien. Kontoret utfører lovpålagt mekling for foreldre med felles barn under 16 år ved samlivsbrot og samlivsvanskar mellom foreldra. 

Alle som treng å prate om vanskelege forhold kan søkje familierådgjeving ved familievernkontoret.

Familievernkontoret held til i Ålesund, men dekker kommunane: Ålesund, Fjord, Giske, Sula, Stranda, Sykkylven, Ørsta, Volda, Hareid, Ulstein, Herøy, Sande og Vanylven. Dei har faste kontordagar i Ørsta kommune.

Ein treng ikkje henvising for å kome til familievernkontoret, og tilbodet er gratis.

Klikk her for å lese meir om når familierådgjeving kan vere til hjelp. Her finn du også kontaktinformasjon.

Barneverntenesta

Interkommunal barnevernteneste
Barnevernet skal sikre at barn og unge som lever under forhold som kan skade helse og utvikling, får rett hjelp og omsorg til rett tid. I tillegg skal barnevernet bidra til at barn og unge får trygge oppvekstvilkår.

Hareid, Sande, Ulstein, Volda og Ørsta har felles barnevernteneste med tilhaldsstad på rådhuset i Volda. Alle tilsette har arbeidsstaden sin i Volda. Ved behov har dei tilgang til kontor og møterom i kvar av kommunane. 

Adresse:
Stormyra 2
6100 VOLDA

Telefon: 70 05 88 00
Les meir om barneverntenesta sine oppgåver på deira heimeside

Interkommunal barnevernvakt
Barnevernsvakta er barneverntenesta sin akuttberedskap og er open heile døgnet.
Hovudoppgåva er å bistå barn, unge og familiar i akutte situasjonar, og dei skal først og fremst sikre at barn og unge har det trygt. Barnevernvakta skal i hovudsak gi råd og rettleiing på telefon. Ved akutt krise kan barnevernvakta vurdere å rykke ut for å bistå meir aktivt i situasjonar.

Adresse:
Ålesund politistasjon
Korsegata 4 (Postgården)
6003 ÅLESUND

Telefon Barnevernvakta: 91 57 60 20 
Telefon politi: 02800

Tenesta for psykisk helse og rus

Tenesta for psykisk helse og rus består av eit tverrfagleg team som gir individuell oppfølging i heimen eller på kontor til personar som strevar med utfordringar knyttt til psykisk helse og/eller rus og deira pårørande. Tenesta tilbyr også gruppeaktivitetar og dagtilbod. Med fokus på førebygging gir teamet også oppfølging til unge personar. Tilbodet er gratis. 

Her kan du lese meir om kva tenesta kan tilby. Her finn du også kontaktinformasjon. 

SLT-koordinator

Vi samarbeider med Hareid om SLT, som står for "samordning av lokale rus og kriminalitetsførebyggende tiltak".
Målet med SLT-arbeidet er at barn og unge i kommunen skal få rett hjelp til rett tid av eit hjelpeapparat som samarbeider godt på tvers av etatar og faggrupper. 

SLT-arbeidet i Ulstein og Hareid er organisert på tre ulike nivå:

  • Politirådet – styringsgruppa for SLT-arbeidet. I rådet sit ordførarane, varaordførarane, kommunedirektørane og SLT-koordinatorane i kommunane, i tillegg til politisasjonssjef og politikontakten. 

  • Koordineringsgruppa – representantar frå ulike etatar og fagavdelingar i dei to kommunane. 

  • Det utførande nivået – dei som står for det direkte rus- og kriminalitetsførebyggande arbeidet. Dette er alle som er i direkte kontakt med barn og unge og som utfører dei tiltaka koordineringsgruppa og styringsgruppa har bestemt. 

Ein SLT-koordinator i kvar kommune sikrar at alle som driv med rus- og kriminalitetsførebyggande arbeid møtes regelmessig, får felles problemforståing og samordnar tiltak.

SLT-koordinator i Ulstein er Vedrana Terzic, tlf. 93 69 04 88. 

SLT koordinator i Hareid er Silje Kiperberg Aksnes, tlf. 95 89 12 89. 

Du kan lese meir på dei nasjonale nettsidene til SLT. 

Kommunepsykolog

Tomas Brandal Myklebust og Runar Andre Hovde er tilsett som kommunepsykologar i Ulstein og Sande kommune. Ulstein er vertskommune for samarbeidet. 

Kommunepsykologen sine primæroppgåver:

  • bidra til å styrke det helsefremjande og førebyggande arbeidet i kommunen
  • bidra i tverrfagleg samarbeid
  • delta i kommunen si psykiske helse- og rusteneste, samt styrke det kommunale arbeidet på dette feltet

 

Tomas Brandal Myklebust

Telefon: 482 06 606
E-post: tomas.myklebust@ulstein.kommune.no

Runar Andre Hovde

Telefon: 48207589

E-post: runar.andre.hovde@ulstein.kommune.no

NAV

Arbeids- og velferdsforvaltninga (NAV) er ein offentleg etat underlagt Arbeids- og sosialdepartementet som har ansvar for organisering og finansiering av arbeidsmarknadstiltak, trygdeytingar og sosialhjelp.

NAV skal være spesielt merksam på oppvekstvilkåra til barn og unge. Barnekonvensjonen er ein del av norsk lov, og skal sikre at avgjersler, også dei som gjeld vaksne, skal vere til barns beste. Barn har rett til ein tilstrekkeleg levestandard, og rett til å bli høyrt. 

Ulstein har felles NAV kontor med Hareid og Sande. 
Her finn du kontaktinformasjon og åpningstider. 

Krisesenter for Sunnmøre

Krisesenter for Sunnmøre er eit gratis, døgnope tilbod for barn, kvinner og menn som er eller har vore utsett for vald i nære relasjonar. Krisesenteret er lokalisert i Ålesund kommune, men er eit interkommunalt tilbod til innbyggarar i Ålesund, Ørsta, Volda, Herøy, Sande, Ulstein, Hareid, Sula, Giske, Fjord, Vanylven, Stranda og Sykkylven. Personar frå andre stadar i Norge kan også nytte deira tilbod. 

Krisesenteret kan tilby:

  • Butilbod
  • Dagtilbod
  • Advokatbistand

Avdeling for kvinner og barn
Døgnopen krisetelefon: 70 16 33 33 / 945 39 945
E-post: krisesenter-kvinner@alesund.kommune.no

Avdeling for menn og barn
Døgnopen krisetelefon: 90 70 74 33
E-post: krisesenter-menn@alesund.kommune.no

Felles nettstad: Sunnmøre krisesenter

Flyktningtenesta/Inkludering og mangfald i Ulstein

Flyktningtenesta er ein del av eininga Inkludering og manfald i Ulstein (IMU), som også rommar vaksenopplæring, spesialedagogikk for vaksne, logopedtenesta og spesialpedagogikk i barnehagen (FØ-teamet).  

Flyktningtenesta har ansvar for busetting og oppfølging av flyktningar i Ulstein kommune. Flyktningtenesta har fokus på samhandling, og ønsker å bidra positivt til at born og unge som er busett som flyktningar i Ulstein raskt skal kjenne seg heime i lokalsamfunnet. 

Her finn du meir informasjon om IMU. 

Einingsleiar IMU: Lars Erling Bjåstad Hovlid
Telefon: 916 35 277
E-post: lars.erling.bjastad.hovlid@ulstein.kommune.no

Flyktningkonsulent: Lena Værnes Løseth
Telefon: 489 94 097
E-post: lena.vaernes.loseth@ulstein.kommune.no