Kvar enkelt kommune og fylkeskommune har eit overordna ansvar for å tilby PP-teneste til innbyggarane sine. Ulstein er vertskommune for interkommunalt PPT, og utfører dei lovpålagde oppgåvene, på vegner av deltakarkommunane og Møre og Romsdal fylkeskommune.
Som vertskommune er det Ulstein som behandlar dei fleste personopplysningane, og dermed har hovudansvaret for å svare på førespurnader frå innbyggarane (dei registrerte) når det gjeld retten til innsyn, sletting, avgrensing og protest (GDPR artikkel 15 til 23).
Merk likevel at det ligg føre eit felles behandlingsansvar på det overordna ansvaret kvar enkelt kommune og fylkeskommune har for denne tenesta.
Les meir i personvernerklæringa for samarbeid om pedagogisk-psykologisk teneste.
Her kan du lese meir om kva rettar du har over eigne personopplysningar.
Om du vil utøve retten din til innsyn, sletting, avgrensing og protest, bruk dette skjemaet:
Skjema for innsyn, retting, sletting og protest
Her kan du lese meir om korleis PP-tenesta behandlar personopplysningar: