Barn som gjennom livet har vore utsett for gjentatte krenkelsar, kan ofte vere i "alarmberedskap" heile tida. Det er vanskeleg for barnehjernen å setje saman inntrykk og forstå at fara er over.
Dei kan verte overaktiverte og oppleve kroppsleg uro, rastløyse og ha impulsive reaksjonar, være hyperaktive og aggressive. Andre barn kan bli underaktiverte, og bli passive, likegyldige og følelsesmessig lite til stades.
Under ser du ei liste over korleis born kan vise symptom på vald, overgrep eller omsorgssvikt, men det kan også vere at teikna har ei heilt anna årsak.
Bruk lista som eit utgangspunkt for å drøfte di uro med kollegaer, samarbeidspartar - og til å snakke med barnet sjølv.
Psykiske teikn:
- Barnet skvetter lett, er engsteleg
- Konsentrasjonsproblem og uro
- Irritabilitet og sinneutbrot
- Klengete åtferd, eller heilt motsett: avviser kontakt og nærleik
- Rusmiddelproblematikk
- Sjølvskading
- Hukommelsestap
- Forseinka utvikling - eller tap av ferdigheiter barnet tidlegare har hatt (f.eks. at barnet startar å tisse på seg)
Fysiske teikn:
- Blåmerker
- Auge- og ansiktsskader
- Brannskader
- Stadig kroppslege plager, f.eks. hovudverk, mageverk
- Skader med usannsynlege forklaringar eller historie som endrer seg
Vil du lese meir om vald i nære relasjonar kan du gå inn på nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress (NKVTS) sine sider. Dette er ein rettleiar for tilsette i helse- og omsorgstenesta, men er like relevant for andre vaksne som treffer barn i det daglege.
Vil du lese meir om risikofaktorar og teikn på vald mot barn kan du lese om det her.