Handlingsrettleiar

Ved mistanke om vald, overgrep eller alvorleg omsorgssvikt

Meld saka direkte til barneverntenesta (70058800 / 91576020) og/eller politi (02800).

 

Nivå 0: Undring

1. Uro oppstår

Uro oppstår

Med uro meinar ein observasjonar eller hendingar som fører til ei uro angåande barns helse, trivsel eller livssituasjon. Eventuelle spørsmål ut frå observasjonar eller hendingar kan indikere behovet for å undersøke livssituasjonen nærare. Uro inneber ingen gjettingar eller konklusjonar. 

Verktøy

  1.  

2. Konkretiser uroa

Konkretiser uroa

Konkretisering betyr at den uroa ein har fått gjennom observasjon eller samtalar samanfattast og skrifteleggjerast.  Konkretisering inneberer eventuelle spørsmål som ein ynskjer å få svar på og som kan underbygge eller avkrefte ei uro. 

Under finn du BTI-verktøy som kan være til hjelp når du skal definere uroa di.

NB: Trur du allereie no at uroa di kan vere knytt til eleven sitt fysiske og psykiske skulemiljø (Oppll §9a), hugs fristen på ei veke for innkalling av føresette til samtale. 

Verktøy

  1. Observasjonsskjema (DOCX, 26 kB)
3. Del uro

Del uroa 

Med "del uroa" meina ein at kvar enkelt delar sine observasjonar. Del uroa di med:

  1. Kollega i eiga avdeling
  2. Næraste leiar
  3. Føresette/den unge.

Dersom de er usikre, ta kontakt med ditt tverrfaglige team for råd og rettleiing.
NB! Saka diskuterast enten anonymt eller med samtykke frå føresette/den unge. 

Verktøy

  1.  

 

4. Avklar uro

Avklar uro

Er det grunnlag for å gå vidare? Vurderer behovet for vidare oppfølging.

  1. Behov for å setje i verk tiltak?
    -Gå til nivå 1 i rettleiaren
     
  2. Behov for å hente inn ekstern hjelp utanfor gjeldande teneste?
    -Gå til nivå 2 i rettleiaren. Avgjer kven som skal vere ansvarleg for det vidare arbeidet. 
     
  3. Ikkje grunnlag for vidare oppfølging?
    -Lukk saka. Takk dei involverte for godt samarbeid

Verktøy

  1.  

5. Avslutt saka

Avslutt saka

Dersom det ikkje er grunnlag for vidare oppfølging avsluttar de saka. Takk dei involverte for godt samarbeid. Minn føresette/barnet/ungdommen på at dei er velkomne til å be om hjelp dersom det skulle oppstå nye vanskar på eit seinare tidspunkt. 

 

Nivå 1: Fra bekymring til tiltak

1. Møte med føresette / barnet

Del uroa med føresette / den unge og skap ei felles forståing

Inviter og gjennomfør eit møte med føresette og/eller barnet/ungdommen der du deler dine observasjonar og di uro så snart som råd.

  • gjeld dette ein elev sitt fysiske og psykiske skulemiljø (Oppll §9a), seinast innan ei veke

Skap ei felles forståing kring situasjonen saman med føresette / den unge.  

Avtal tiltak både i heim og aktuell teneste.

  1. Dersom du gjennomfører samtalen med føresette - avklar kven som har ansvar for å informere barnet/ungdommen, korleis ein informerer og korleis ein gir vedkomande høve til å uttale seg. 
  2. Dersom du gjennomfører samtalen med den unge - vurder om det er behov for å informere/kople på føresette, be eventuelt om samtykke og ta kontakt. 

Avtal tidspunkt for evalueringsmøte.

NB! Også på nivå 1 er det fullt mogleg å søkje råd og rettleiing hos andre tenester/avdelingar, utan at det vert oppretta eit tverrsektorielt samarbeid. Hugs då samtykke frå føresette/barnet dersom saka ikkje skal drøftast anonymt.

Verktøy

  1. Samtykke til samhandling (DOCX, 73 kB)

2. Sett i verk tiltak

Sett i verk tiltak

Avtalte tiltak vert sette i verk og gjennomført på aktuell arenaer.

Dokumenter kva som vert gjort i eige fagsystem eller i kommunen sitt arkivsystem.  

Førebu evalueringsmøtet. Hugs at barnet har rett til å seie si meining i alt som vedkjem det, og at barnet sine meiningar skal vektleggjast. Avklar kven som har ansvar for å snakke med barnet/ungdommen i forkant av evalueringa, for å få vedkomande si eiga oppleving av endring. 

3. Evalueringsmøte

Evalueringsmøte og avgjerd om vegen vidare

Gjennomfør evalueringsmøte, der alle involverte partar drøftar i kva grad tiltaka har ført til at barnet/ungdommen sin situasjon har endra seg. Få med barnet si oppleving av endring.

Verktøy

4. Avklar vegen vidare

På bakgrunn av evalueringa de har gjort, fatt ei avgjerd om vegen vidare.

Det er tre moglege utfall av evalueringa:

  1. Tiltaket har hatt ønska effekt, det er ikkje lenger grunn til å uroa seg.
    -Avslutt loggen
     
  2. Tiltaka har effekt, men de er framleis ikkje i mål og arbeidet held fram
    eller
    de ser at tiltaka har hatt effekt, men vurderer at det kan setjast i verk andre tiltak i eiga teneste.
    Gå tilbake til Nivå 1 steg 3.
     
  3. Tiltaka har ikkje gitt ønska effekt. De ser behovet for hjelp frå eskterne tenester og drøftar vidare innsats.
    -Bestem aktuelle samarbeidspartnarar og inviter dei til møte på nivå 2 innan to veker. Hugs samtykke frå føresette eller ungdommen.

NB! Barnet har rett til å seie si meining i alt som vedkjem det, og barnet sine meiningar skal vektleggast. 

 

Nivå 2: Tverrfagleg innsats

1. Samarbeidsmøte - oppstart

Samarbeidsmøte - oppstart

Hent inn samtykke frå føresette og kall inn aktuelle hjelpeinstansar til eit samarbeidsmøte. 
Presenter saka og skap ei felles forståing av situasjonen. Avgjer kven som har ansvar for oppfølging vidare, med ansvar for møteinnkalling, møteleiing, referat med meir.

Verktøy

2. Samarbeidsmøte - planlegg tiltak

Samarbeidsmøte - planlegg tiltak

Når saka er presentert for nettverket, er neste punkt å planlegge aktuelle tiltak. Dokumenter tiltaka i fagsystem eventuelt i kommunen sitt arkivsystem. Hugs å få med kven som har ansvar for kvart einskild tiltak. 

Mål: At involverte tenester/instansar koordinerer innsatsen slik at alle arbeidar etter felles målsettingar og er kjent med kvarandre sin innsats.

Til slutt i nettverksmøtet avtalar de tidspunkt for evalueringsmøte. 

3. Sett i verk tiltak

Sett i verk tiltak

Gjennomfør avtalte tiltak på aktuelle arenaer. Bruk stafettloggen til dokumentasjon.

Førebu evalueringsmøtet. Hugs at barnet har rett til å seie si meining i alt som vedkjem det, og at barnet sine  meiningar skal vektleggjast. Avklar kven som har ansvar for å snakka med barnet/ungdommen i forkant av evalueringa, for å få vedkomande si eiga oppleving av endring.

4. Evalueringsmøte

Evalueringsmøte

Gjennomfør evalueringsmøte, der alle involverte partar drøftar i kva grad tiltaka har ført til at barnet/ungdommen sin situasjon har endra seg. Få med barnet si oppleving av endring.

Verktøy

  1. Førebuing og gjennomføring av møte (PDF, 633 kB)
5. Avklar vegen vidare

På bakgrunn av evalueringa de har gjort, fatt ei avgjerd om vegen vidare.

Det er tre moglege utfall av evalueringa:

  1. Tiltaka har hatt ønska effekt, det er lenger ikkje grunn til å uroa seg.
    -Avslutt saka.
     
  2. Tiltaka har effekt, men de er framleis ikkje i mål og arbeidet held fram
    eller
    De ser at tiltaka ikkje har gitt ønska effekt, men vurderer at det kan setjast i verk andre tiltak innan eiga teneste.
    -Gå tilbake til nivå 2 steg 2
     
  3. Tiltaka har ikkje gitt ønska effekt. De ser behovet for hjelp frå eksterne tenester og drøftar vidare innsats.
    -Bestem aktuelle samarbeidspartar, lag tilvising/melding til desse, og kall dei inn til møte på nivå 3. Hugs nytt og utvida samtykke frå foreldre til å involvere eksterne samarbeidspartar. 

NB! Barnet har rett til å seie si meining i alt som vedkjem det, og barnet sine meiningar skal vektleggast. 

 

Nivå 3: Omfattande tverrfagleg samarbeid

1. Etabler kontakt mellom relevante tenester

Etabler kontakt mellom relevante tenester

Primærteneste (oftast skule eller barnehage) og føresette/barn presenterer problemstillinga for øvrige tenester.
Avklar ansvarsoppgåver i den vidare oppfylginga. Vurder om det skal opprettast ein individuell plan og koordinator. Koordinator har ansvar for møteleiing og referat. Vurdere saman om ansvarsgruppe skal opprettast. 

Verktøy

2. Ansvarsgruppemøte - planlegg tiltak

Gjennomfør ansvarsgruppemøte og planlegg tiltak

Aktuell instans legg fram plan for utgreiing/undersøking/tiltak i samarbeid med føresette/barn og aktuelle instansar.

Avklar tid og inviter til nytt møte.

3. Sett i verk koordinerte tiltak

Sett i verk koordinerte tiltak

Avtalte utgreiingar/undersøkingar/tiltak vert sett i verk og gjennomført på aktuelle arenaer. Bruk stafettloggen/individuell plan til dokumentasjon av tiltaka. 

Førebu evalueringsmøte. Hugs at barnet har rett til å seie si meining i alt som vedkjem det, og at barnet sine  meiningar skal vektleggjast. Avklar kven som har ansvar for å snakka med barnet/ungdommen i forkant av evalueringa, for å få vedkomande si eiga oppleving av endring.

4. Evalueringsmøte

Evalueringsmøte

Gjennomfør eit evalueringsmøte der de evaluerer den tverrfaglege innsatsen og om barnet sin situasjon har endra seg som følgje av dei koordinerte tiltaka. Få med barnet si oppleving av endring.

Verktøy

  1. Førebuing og gjennomføring av møte (PDF, 633 kB)
5. Avklar vegen vidare

På bakgrunn av evalueringa de har gjort, fatt ei avgjerd om vegen vidare.

Det er to moglege utfall av evalueringa:

  1. Tiltaka har hatt ønska effekt, det er ikkje lenger grunn til å uroa seg.
    -Avslutt loggen
     
  2. Dei koordinerete tiltaka har ikkje gitt ønska effekt.
    -Sett i verk tiltak på nivå 1, 2 eller 3.

NB! Få med barnet si oppleving av endring. Barnet har rett til å seie si meining i alt som vedkjem det, og barnet sine meiningar skal vektleggast.