Planen gir oversikt over behovet ditt for offentlege tenester. Den skal vise kva du er ansvarleg for og kva det offentlege hjelpeapparatet er ansvarleg for.
Planen skal seie noko om ynskja og måla dine. Den vil gi deg ei betre oversikt over kva som er viktig for deg i dag og framover. Det er difor viktig at du deltek, så langt som råd, i å lage planen.
Individuell plan vert vanlegvis utarbeidd i lag med deg/pårørande og koordinator. Også andre aktuelle tenesteytarar kan bidra. Planen bør reviderast minst ein gong i året.
Ein individuell plan skal sikre:
- at tenestene du mottar blir samordna og individuelt tilpassa
- at alle tenesteytarar samarbeider med deg og/eller dine pårørande, og med kvarandre.
Her finn du brosjyren vår.(PPT, 323 kB)