Kva er Betre Tverrfagleg Innsats (BTI) ?

Kva er Betre Tverrfagleg Innsats (BTI) ?

Betre tverrfagleg innsats (BTI) er ein samhandlingsmodell for tenester som møter gravide, barn, unge og foreldre det er knytt uro til.
BTI modellen bidreg til tidleg innsats, samordna tenester og brukarmedverknad.  

Tidleg innsats handlar om å avdekke vanskar tidleg i alder eller tidleg i ei risikoutvikling. Det kan gjelde forhold i heimen, eigenskapar ved barnet/ungdomen/familien eller miljøet i barnehagen/skulen eller fritida som skaper utfordringar. Heimen, helsestasjonen, barnehagen og skulen har difor ei sentral rolle i å oppdage og følge opp.

 

Samordning av teneste handlar om å skape eit godt samarbeid og god framdrift når kommunale basistenester (f.eks. helsestasjon, barnehage, skule) og hjelpetenestene (f.eks. helseteneste, PPT, barnevern) i fellesskap skal hjelpe barn/ungdom/familier gjennom vanskar. BTI-modellen skal bidra til styrka samhandling mellom tenestene og brukaren utan at det vert brot i oppfølginga. 

Brukarmedverknad handlar om at dei kommunale tenestene legg til rette for at gravide, barn, unge og deira foreldre vert involvert i samarbeidet så tidleg som mogleg. Dette inneber også at det vert lagt til rette for at foreldre/brukarar enkelt kan kome i kontakt med aktuelle tenester ved uro for eigne eller andre sine barn. Brukarane skal oppleve kommunens tenester som oversiktlege.  

Samhandlingsmodellen i BTI består av:

  • Grunnmodell på fire ulike nivå
  • Handlingsrettleiar
  • Verktøy
  • Stafettholdar og stafettlogg
  • Tilsette sin kompetanse

 

Grunnmodellen i BTI består av fire ulike nivå (sjå illustrasjon over). Kvart nivå beskriv gangen i arbeidet med å avklare uro og iverksette tiltak i og mellom tenestene. Brikkane i figuren symboliserer nivåa og tal på tenester som er involvert. Dei ulike nivåa vert knytt saman av den loddrette brikka som strekker seg mellom nivåa. Denne symbolisera stafetthaldaren og stafettloggen, som strekker seg mellom nivåa og skal sikre heilskapleg og koordinert innsats utan at det vert brot i oppfølginga. 

Nivå 0: Her avklarar vi om det er grunn til uro

Nivå 1: Beskriv tiltak innanfor kvar enkelt teneste

Nivå 2: Beskriv enkelt tverrfaglig samarbeid mellom fortrinnsvis to tenester

Nivå 3: Beskriv meir omfattande tverrfagleg samarbeid mellom fleire tenester

Handlingsrettleiaren
Handlingsrettleiaren er ein rettleiar for korleis tilsette skal gå fram i arbeidet med barn, unge eller familier ein er uroa for. Formålet er å lage ein struktur på arbeidsoppgåvene og beskrive gangen i arbeidet. Ulstein kommune sin handlingsrettleiar finn du her

Verktøy
Under kvart trinn i handlingsrettleiaren er der ulike verktøy som kan vere til hjelp for den enkelte tilsette, heilt frå fasen der vi oppdagar og vurderer ei uro og vidare gjennom fasane med å avgjere, setje i verk og evaluere hjelpetiltak. Ei fullstendig liste med link til alle verktøya som vi nyttar i Ulstein kommune ligg her

Kompetanse
Ein føresetnad for å nytte modellen og verktøya er at det finst kompetanse til å utføre oppgåvene i tenestene, slik som modellen beskriv. Vi snakkar her om to typar kompetanse:

Den eine dreier seg om å forstå og kunne bruke BTI. Den andre om å vere i stand til å utføre dei oppgåvene som ligg til dei ulike arbeidsprosessane i modellen, som å vere merksam på målgruppa, oppdage kven som treng oppfølging, følge opp og å vere i stand til å ta i bruk eigen eller andre tenester sin innsats. 

Her og her kan du lese meir om BTI.