Habilitering er samarbeid mellom deg, dine pårørande og fagpersonar om å gi støtte til at du skal klare deg best mogleg sjølv og ha eit godt liv. Habilitering er ofte for personar som er fødde med funksjonsnedsettingar, eller som fekk sjukdom eller skade som barn. Mange treng oppfølging og støtte heile livet.
Rehabilitering er samarbeid om at du skal trene opp kroppen og hjernen etter sjukdom eller skadar som du har fått seinare i livet. Rehabilitering varer ofte i kortare tid, men mange vil likevel trenge mykje hjelp og støtte etter at rehabiliteringa er avslutta.
Kjelde: helsenorge.no
Felles for habilitering og rehabilitering er at du kan møte mange ulike typar fagpersonar som samarbeider med deg og om deg. Fagpersonane kan ha forskjellige måtar å jobbe på.
Habilitering og rehabilitering kan handle om korleis kroppen og hjernen din virkar og korleis du føler og tenker. Det kan også handle om korleis du har det i kvardagen din, og med menneska du har rundt deg.