- Vi er heldige i Ulstein som har mange krinsar med eigen identitet

- Vi er heldige i Ulstein som har mange krinsar med eigen identitet

Haddal - ein stad med stor bulyst og "bli-lyst" ifølge Ivar Mork (Ap). Per Eide Bulyst vert det store temaet for dei folkevalde i Ulstein i tida framover. Onsdag 6. april var det "kick-off" i Ulstein kommunestyre.

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

- Ulstein har ein fin visjon: Ulsteinsamfunnet støttar innbyggarar, organisasjonar og næringsliv som viser visjonar, vilje og pågangsmot til beste for eiga utvikling, medmenneske og samfunn. Det er ein flott visjon, men eg skulle gjerne hatt med eit punkt om identitet. Vi har mange identitetar i kvardagen, men den sterkaste identiteten handlar om staden der du vaks opp, der du var barn, sa Ivar Mork (Ap) frå talarstolen i kommunestyremøtet i Ulstein, då temaet bulyst var oppe til drøfting.

- Vi er heldige i Ulstein som har mange krinsar med eigen identitet. Dette er svært viktig. Vi har utvikla sentrum med tilbod til alle, for alle krinsar, med kort veg for alle. Her har vi bygd bustader til "gamlefolket" så dei kan flytte til sentrum når dei ikkje lenger vil ha hage, og då vil vi ha unge folk inn i husa deira. Men ofte er dei som flyttar hit folk som allereie har kjennskap til staden frå før, og som har identiteten sin i bygda. Identitet har lett for å storkne, verte lite innovativt og lite oppfinnsamt, men om vi klarer å få nye folk inn i desse kulturane, med sine eigne identiteter, då er det fantastiske ting som skjer! Det burde vi satse meir på! sa Mork.

Presentasjon: Ulstein har gjort avtale med Remote for å marknadsføre Ulstein som ein stad å bu og jobbe frå. Tanken er m.a. å etablere eit felles kontormiljø. Lenke: Sjå film om Remote her.

Presentasjonen frå ordførar Knut Erik Engh finn du her. (PPTX, 6 MB)

Ulstein kommunestyre var samla i kommunestyresalen på Ulstein rådhus, 6. april. I bakgrunnen tilhøyrarar som kom for å høyre om bulyst. Janne-Marit Myklebust Steinar Torvik (Krf) slo eit slag for dugnadsånda.

- Då vi flytta til Dimna fekk vi spørsmål om å vere med på dugnad. For oss var det ein fantastisk start for å verte kjende med fantastisk kjekke folk på kort tid. Er du tilflyttar må du ikkje ta sjansen på å seie nei til å vere med på dugnad!

Bennie Hansen (Frp) meiner Ulstein har eit svært godt rykte, særleg blant eldre.

- Eg har høyrt at mange eldre flyttar til oss fordi vi tilbyr gode tenester. Vi må også finne ut av korleis vi kan få folk i alderen 30-40 år til å flytte til oss. Vi må bygge omdømme! 

Lisa Mari Breivik Anderson (Sp) meiner at Ulstein kan vere ein føregangskommune når det gjeld å halde på busettinga i heile kommunen.

- Det er viktig for folk å ha kommunale tenester nær seg. Vi får ikkje vekst i kommunen ved å legge ned to skular, sa ho, og sikta til diskusjonane om skulestruktur.

Bulyst skulle eigentleg vere tema for stormøtet i kommunestyret i mars, men ordførar Knut Erik Engh beklaga til kommunestyret at dette vart gløymt.

- Men no tek vi tak i saka. Dette er ein kick-off, før saka no skal vidare til PAL (politisk-administrativt leiarforum) i slutten av april. Der skal deltakarane snakke om korleis vi skal jobbe vidare med bulyst. Vi ser føre oss eit folkemøte/workshop over sommaren, der alle med interesse for temaet kan få lagt fram sine idear. Deretter vert bulyst tema for stormøtet i kommunestyret til hausten att, lova Engh.