Velkomen til digitalt folkemøte om framtidas Ulsteinvik

Velkomen til digitalt folkemøte om framtidas Ulsteinvik

Robert Skeide Onsdag 13. mai kl. 18 er du invitert til folkemøte på nett om sentrumsutvikling i Ulsteinvik. Du kan også møte fram på Sjøborg kulturhus og sjå sendinga der. 

  

Ver med med på Facebook eller møt fram 

To arkitektfirma – Kaleidoscope Nordic AS og Nordic Office of Architecture – har fått i oppdrag å teikne framtidsbilete av Ulsteinvik og greie ut korleis ein kan realisere visjonane for utviklinga av sentrum. 

13. mai er arkitektane i Ulsteinvik for å starte arbeidet. Den dagen blir det folkemøte på nett. Der vil arkitektane presentere det dei har tenkt så langt, og du er varmt velkomen til å gi innspel og stille spørsmål i Facebook-kommentarfeltet. 

Frå kl. 18 kan du følge møtet direkte. Klikk her for å kome til Facebook-sida vår, du treng ikkje å vere brukar for å sjå møtet

Du kan også møte fram på Sjøborg kulturhus for å sjå møtet på lerretet der, dersom du heller vil det. 

 

Ulshaugen og Holsekerdalen

Oppdraget arkitektane har fått dreier seg om å legge grunnlaget for områdereguleringa av sentrum og detaljreguleringa av Ulshaugen og Holsekerdalen. 

Det arkitektane kjem fram til, skal leggast fram for ei lokalt forankra og fagleg kompetent vurderingsgruppe. 

Prosessen skal vere med på å utvikle samarbeidet mellom næringslivet, innbyggarane og kommunen. 

Les meir om arbeidet, som er eit såkalla parallelloppdrag

 

Vel møtt!